torsdag 24. mai 2018

Det kan lønne seg å halde ut

Eg har prøvd å vere ei tålmodig mor, og latt ungane sleppe til på kjøkkenet. Innimellom har tålmodet lell fått kjøre seg... Det har vore gonger der dei har gløymt å rydde, andre gonger har benkane vore vaska, men golvet har vore berre klissklass. Det har vore dagar der eg har tenkt å lage noko, men det har vore tomt for det eg trong. Kjøkkenet fullt av tenåringar, med god tid og lite planlegging.

Eg har kome heim, og gutegjengen på ca 13 år har handla inn og starta å lage brownies med ostekrem og bringebærkrem. Dei har sjeldan bakt kake før, ikkje laga ostekrem før og slett ikkje lese heile oppskrifta før dei starta. Men kaka vart god!

Det har lukta brente toast over heile huset, det nybakte brødet borte(det tørre har ligge trygt i brødskuffa) og osteklokka tom. Tenåringane har vore blide og mette, og kjøkkenet rydda.

Eg har fått eggerøre til frukost på bursdagen min, og scones til kveldsmat. Vaflar til laurdagskos(og veffelrøre på kjøkkengolvet)

Den eine junioren smeller gjerne saman ein deig til foccacia, eller lagar pizza til gjengen. Den andre steiker amerikanske pannekaker og dynkar dei i bacon og lønnesirup og inviterer gjengen på frukost. Eller på hamburger, av elgkjøt, og med heimebakte brød.

Det har vorte mykje stas med maten. Eg har prøvd å gje dei matglede, både ved å lage og å ete. Og eg trur eg har lykkast. Dei er ikkje redde for å prøve seg fram, kombinere nye smakar, lese oppskrifter og dei tenkjer omtrent som Pippi "det har jeg ikke prøvd før, så det kan jeg sikkert"!


Så til spleisefrukost på 17.mai tok studenten med eggerøre og nybakt foccacia, lettvint og godt. Igår bakte musikkjunior croissanter til frukost! Han sto opp kl 6 for å kjevle ut og steike, slik at eg fekk varme croissanter før eg skulle på jobb. Idag fekk vi kyllingsalat til middag.


Det var verdt nokre rundar og timar med rydding og masing og øving! Så slepp ungane til, det kan fort gje deg nokre fordeler på sikt.
(Og så får vi jobbe vidare med vasking og rydding, ikkje berre på kjøkkenet!)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar