lørdag 27. desember 2014

Testing av dings

Når ein har vorte den stolte eigar av ny dings, type nettbrett i jula, må det testet om det kan blogger direkte. Alle eventuelle skrivefeil her er naturlegvis brettet si skuld, og all rar redigering likeså.
Jula har vorte rolig så langt,  men litt av førjula sitt nok i skuldrene, for I dag vakna eg med "to-to-lista" klar i hovedet. .. Den var lang og svært uklar! Det var klesvask og rydding, handling og matlaging, Ikkje minst snømåking og bæring av ved. Eg var igrunnen både sliten og sur før eg åpna augene skikkelig!  Takk pris for fornuftig og tålmodig mann som sorterte oppgåvene og fekk skuldrene mine ned!
Bilete å illustrere med? Ingen! Så då får eg vere kreativ og vise nokre tilfeldige!

 Englekoret

 Det snør ute, stadig vekk. Ikkje rart eg har mareritt om måking


Blåtime og MEIR snø...


Tja, skal vi seie at blogging frå brett går greit?

2 kommentarer:

  1. Grattis med brett! Tykkjer det går så det susar - med blogging, skriving og redigering av bilete ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det gjekk bra, mem trur det blir mest Mac til blogging.

      Slett