lørdag 6. desember 2014

6.desember, Nilsmess / St.Nikolaus

Ok, vi har kome til ein merkedag på primstaven, så då stoppar vi litt opp:
St.Nikolaus var biskop på 1300talet og vart martyr under kristenforfølging seinare i århundret. Han er skytshelgen for barn og sjøfararar. Han er også utgangspunktet for nissen! Berre smak på namnet; St. Nikolaus, Klaus, nisse, santa claus…

Denne dagen feires minne om St. Nikolaus som er forløpernen til selveste Santa Claus eller julenissen. I Norge ble dagen kalt Nilsemesse.
I følge tradisjonen skulle barna sette frem sko eller støvler på kvelden 5. desember og om natten ville St. Nikolaus komme og fylle dem med godterier og gaver. Hvis barna hadde vært snille. Denne skikken praktiseres av mange blant annet i Nederland og Tyskland den dag i dag.

Eg har ikkje så stor tradisjon med å feire denne dagen, men kjenner folk frå Nederland, og for dei er dagen viktig!

Eg har derimot brukt dagen til å gå tur, det var fint!!! Litt snø i natt gjorde det lyst og lett, og litt glatt… 

Etterpå har eg rydda og vaska, og bakt peparnøtter, for i morgon får vi gjestar. Dei er nok ikkje så vant med norske julekaker, så då må dei få ein smak her. 


Dersom eg rekna rett i oppdelinga, vart det 128 nøtter, men eg kjenner meg trygg på at ein del er borte gjennom prøvesmaking. Dte resten av familien ikkje veit, er at eg bakte berlinerkransar i går kveld, og det er berre eg som veit kvar dei er! 

Dagens julemusikk må stå i stil med at det er Nilsmess. Eg har funne ein variant av "Santa Claus is coming to town", dette er julestemning langt inn i sjela mi! Bill Evans kan spele piano.

(Og no skal eg gjere meg klar til fest! )


2 kommentarer:

  1. Eg kosa meg med blogginnlegget ditt ;) Eg er bygd saman slik at eg likar å få med meg små fakta, og har eit lite motto; du skal læra noko nytt kvar dag.
    Det er hyggeleg å kunne få litt julemusikk medan eg les også.
    Her har eg hatt besøk frå Hong Kong, og dei var meget interessert i å smaka på julekaker og smultringar.
    Ønskjer deg ei fin 2. adventshelg!
    Siri

    SvarSlett