søndag 2. november 2014

Middag veke 44

Istadenfor å blogge kvar dag, tek eg eit tilbakeblikk på middagar i veka som snart er slutt:

  • Måndag: Elgkarbonader, restar frå familiemiddag på søndag, med potet, gulrot, brokkolig og brun saus. Svigermor var på besøk, og eg fekk ferdig middag då eg kom frå jobb. Luksus! Og sidan vi hadde hatt selskap på søndag, vart det kakerestar til dessert
  • Tirsdag: Gulrotsuppe. Fresa løk og kvitløk, tilsette gulrot, søtpotet, sellerirot og buljong. Kokte til det var mørt. Jamna med stavmiksar, og hadde oppi stekte bitar med kyllingfilet. Grovt brød til.
  • Onsdag: var ein dag der ingen var heime til samme tid, og då er det gull å finne restar i kjøleskap og frysar! Eg fekk gulrotsuppe, mannen åt dei siste elgkarbonadene, junior#1 laga ostesmørbrød med kjøttbollar, og junior#2 laga tomatsaus til kjøttbollar og pasta. 
  • Torsdag: På mystisk vis hadde ingen handla før eg kom heim frå jobb…eg hadde heller ikkje handla på veg heim frå jobb, og igrunnen hadde eg lite oversikt over kva eg hadde i kjøleskapet lenger. I frysaren fann eg ein bit bacon og nokre hysefiletar. Eg stekte bacon, så stekte eg hysefiletane i baconfettet, skar opp gulrot, løk og brokkoli som eg la i panna saman med resten. 
  • På med lokk og småsurre madan eg kokte ris. Kjapt og godt!
  • Fredag laga eg satayspyd, men ytgangspunkt i denne oppskrifta Satayspyd. Eg laga det ikkje som spyd, men som litt tynne biffar, neste gong vil eg nok ha mango i salsaen, og meir chili istaden for chilisaus. Men det var mat som fall i smak!
  • Laurdag laga eg masse pizza, sidan attenårigen skulle ha kompisbursdag. Ei lita utfordring at den eine gjesten er veganer, som er ganske uvant for meg, men det vart pizza utan kjøt og ost, men med masse grønsaker og eit dryss pinjekjernar på toppen. Eg og mannen var på vennefest, og åt serdeles god tapas! Eg hadde med karamellpudding til dessertbordet, den var populær, iallfall vart den fort borte :)
    Veganerpizza 
    Karamellpudding
  • Søndag, altså idag, står fårikålgryta og putrar på komfyren. 
Syns vi kom dreit i mål denne veka, har iallfall hatt middag kvar dag. Litt lite fisk, men mykje reint kjøtt, og ein middag med grønsak som hovedingridiens! Så får vi sjå kva neste veke bringer...

3 kommentarer:

  1. Det er helst fantasien som set grenser, når det kjem til middag òg... Og dette såg lett variert ut.
    Som tips til veganermat; veganmisjonen.no har mykje god mat, faktisk lagar eg eit par middagar, minst, i månaden inspirert av oppskriftene her :)
    Ønskjer deg ei fin neste veke.
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Den bloggen skal jeg sjekke! Ei god veke til deg også!

      Slett
  2. Herlig uke! Mystisk at ingen hadde handla, du…! ;-) Ønsker deg og dine ei god kommende uke :)

    SvarSlett