onsdag 8. februar 2017

Vekestart veke 6.

Idag skal eg skrive om glattis, bråstopp og digital detox!

Eg tenkjer innimellom på at eg må gjere noko med alle timane eg brukar på tv, telefon, nettbrett, alle slags skjermrelaterte sysler. Men som oftast blir det med tanken, eller eg legg slikt vekk -for ein times tid- og så tek gamle vaner og rutiner over styringa. Eg tenkjer alltid på det rundt nyttår, det er jo eit passande nyttårsforsett?

Men no skaffa eg meg ein liten hjernerystele, og vips vart det digital detox, heilt ufrivilleg og uunngåeleg og utan det minste nedtrapping.


Vi skulle ha ei hyggeleg helg, mannen og eg. Eg hadde gitt han ei helg på hotell på Røros i julegåve. Eg hadde planlagt kos, lave skuldre, god mat, kultur etc. Det byrja bra, vi tok toget, åt lunsj på kafe, rusla i gatene, (fekk shoppa irriterande lite). Vi var på ein skuldersenkande, nydeleg kammerkonsert med strykekvartett og obo.
Men så vart det litt mindre kos! Eit fall på isen, eg rakk tenkje "nei, ryggen min!!!" i det beina forsvann. Så traff ryggen bakken, og eg tenkte at dette gjekk visst bra. Men så traff hodet bakken, "bang" og eg tenkte at dette var dumt. Alt dette, og mykje meir, for gjennom hodet mitt på veldig kort tid! Og eg spratt tilbake på beina igjen. I full fart!

Bakhode med plaster.
Eg skal spare dykk for nærbileta med blod
mannen tok på legevakta...
Det viste seg at eg hadde fått ein kul i bakhodet, og to kutt, som blødde. Mykje! Det har sine klare ulemper med blodfortynnande medisin. Eg vart ein slags lokal kjendis på hotellet, med blodig håndkle rundt hodet, der eg forta meg å finne nokon som kunne ringe legevakt og taxi. Sanneleg godt at mannen er roleg og sindig når det gjeld(han er det til vanleg og altså). Både pulsen og blodtrykket mitt nådde nye høgder. Etter legevakt, prydsaum i bakhodet og instruks om vekking på natta og generell omsorg og pass, skulle vi ha festmiddag. Den vart litt prega av forslått kone med plaster i håret og litt dårleg matlyst. Det vart ikkje som vi planla, men ein roleg kveld saman fekk vi! Og ein roleg søndag, med nydeleg lunsj før togtur heim til eiga seng og eigen sofa.

Men altså: ein liten hjernerystelse. Litt omtåka, ikkje kvalm eller bevistlaus. Likevel skal ein visst ikkje spøke med slikt. "Ikkje lese, verken på skjerm eller papir, ei veke. Ikkje sjå tv, ikkje fikle med mobilen,", sa legen. "Du skal kjede deg!" Jammen, kva kan eg gjere?? Eg fekk lov til å høyre radio, og gå korte turar. Og kjede meg, det var faktisk det eg skulle.
TV har ikkje vore noko sakn. Når dei andre har sett tv, har eg vore i den andre stova, og høyrt på radio. Skjermen framsto dessutan som veldig lyssterk og ikkje fristande å sjå på. Eg har ikkje byrja sjå igjen, faktisk. Men eg skal prøve å få sett dei siste episodane av "Valkyrien", eg må finne ut korleis det går!
Å kutte ut Facebook, Instagram og Snapchat var heller ikkje noko stort problem, til tross for alle som meinte dette ville bli det verste for meg. Kanskje overraskande, men veldig gledeleg at eg ikkje vart heilt skjelven av å ikkje fått oppdatert meg på det alle gjer til ei kvar tid! For ikkje snakke om at eg ikkje fekk delt alt som skjedde meg, i stort og smått.
Nettaviser har eg sakna, men konstant radio har dekt ein del av suget for oppdatering. Blogg har eg heller ikkje sakna, eg hadde ein runde for å oppdatere meg, og så veldig mykje hadde eg ikkje mista. Eg har "skrive" ein god del blogginnlegg i hodet mitt, mengder av gode formuleringar har gått tapt i forbudet mot skriving. Jaja!
Det eg derimot har sakna med heile meg er aviser til frukosten, kryssord på ettermiddagen og bøker på kvelden. Eg som les bok etter bok, gjerne fleire på ein gong, eg som kjøper ekstra mange aviser kvar helg, for å verkeleg kose meg, eg skulle altså ikkje lese... Det gjorde litt vondt!


Eg har drukke bøttevis med te, medan eg har høyrt radio. Eg har konkludert med at ein får med seg meir om ein ikkje gjer andre ting samtidig som ein høyrer radio.

Eg har gått korte turar. Sett på soloppgang og solnedgang. Kjeda meg litt. Sett på tulipanane mine. Brent masse lys både morgon og kveld. Eg har kjeda meg. Eg har mata surdeigen og sett brøddeigen heve. Det er mykje mindfullness i ein brøddeig! Ingen snarvegar og kjappe løsningar der. Eg har ikkje lese jobbmail, og slik kanskje hatt meir pause enn vanlegvis. Eg har leita gjennom ulike DAB-kanalar, og funne nye program og det finns både god og dårleg radio! Eg har ete mørk sjokolade. Eg har tenkt ein del, kloke tankar, slitne tankar, optimistiske og meir pessimistiske tankar. Eg har tatt hensyn til kroppen og hodet og kjent meg betre innimellom, og tenkt at dette blir bra fort. Eg har gjort litt meir enn kroppen tåler og kjent meg dårleg andre gonger, og tenkt at dette vil aldri bli bra. Eg har lurt litt på om vi skulle hatt fliser over kjøkkenbenken, og skulle vi bygd hyller inni den nisjen på tv-stova? Eg har kjeda meg. Eg har venta på at mann og son skulle kome heim, for å ha nokon å prate med. Eg har fyra i omnen. Sett på gravemaskinene utanfor stovevindauget, og fundert på om dei aldri skal bli ferdige med arbeidet!?
Eg har tenkt på dei som har det slik til vanleg, at dei ikkje kan bruke dagane som dei vil, av ulike grunnar og begrensningar i kropp eller sinn.




Og så viser det seg at eg vart betre. Hurra! Framleis blir eg fort sliten, og eg tenkjer nok litt saktare og tåler mindre skjerm enn normalt. Men eg er på jobb denne veka. I dag har eg tatt stinga og vaska håret! Det vart berre ein liten ekstra pause.
Og detoxen? Den kan eg sikkert opp igjen seinare, for det er lett å gå tilbake til gamle vanar...

Eit lite dikt skal du få til slutt. Det blir litt ironsik med eit dikt om ord og bokstavar, men det var jo dette eg lengta etter sist veke!

Hvor skal vi, spør jeg diktet?

Dette lille diktet mitt
går i sokkelesten
over gulvet,
dette lille diktet mitt
går med lette sko over tunet.
Jeg følger ordene
over gårdsplassen,
jeg går mellom rader av epletrær,
jeg går gjennom bokstavenes høye, myke strå.
Over gresset, over gresset,
innunder fjellet, og sjøen ligger stor og tung og dyp
i hvert eneste spinkle ord.

Gro Dahle

Måtte veka di bli god vidare!

2 kommentarer:

  1. Jeg er så glad det gikk bra, sånn tross alt, med både deg som menneske og kanskje især ryggen (som var min første tanke da du sendte snap).

    Det er mye godt med en gjærdeig, det er en av mange grunner til at jeg elsker å bake!

    Fortsatt god bedring!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ryggen har nok fått seg ein smell lell, men ikkje noko som går ut over dei opererte områda. Hodet virkar betre og betre, idag tenkte eg ikkje på det i det heile på jobb!
      Og idag vart det pizzadeig eg kunne sjå heve :) Og rømmesaus, skinke, grønnkå og blåmuggost. Mett!

      Slett