fredag 10. januar 2014

Leselogg

Eg har visst hatt ein leselogg her for lenge sidan, men den har eg nesten gløymt… Men no tek eg den opp igjen!!! Eg skal skrive litt om bøker eg har lese i haust det blir nok ikkje alle, men dei eg kjem på.

Idag har eg kjøpt "Pinnsvinets eleganse" av Muriel Barbery. Den har eg lese før, men finn den ikkje igjen, så eg kjøpte den på nytt(eg har nemleg stramma inn på kleskjøpfronten, og har pengar til overs som må investerast fornuftig, trur eg… ) Det er ei av dei bøkene som rett og slett sett spor, du blir glad og trist gong på gong. Anbefalast med STORE bokstavar! Gler meg til å lese.
Gode kjøp, om eg må seie det sjøl

Og "Samlede dikt" av Kolbein Falkeid kom i posten idag, den må lesast i små porsjonar og her og der, men eg treng diktpåfyll for å halde vekestarten igang.
Eg har kjøpt "Dikt i samling" av Olav H. Hauge tidlegare i haust, og fekk "Stein til stein" av Jon Fosse til jul, så det skal vere til mange vekestartar der. "Norsk Salmebok" har og kome i hus i løpet av jula, der er det mykje å lese og synge.

I jula las eg "Mors gaver" av Cecilie Enger, det var eg nok ikkje åleine om. Det var ei nydeleg bok, om gåver naturlegvis, men også om å miste ein forelder til demens. Eg har skrive litt om tanta som forsvann, og kjente igjen mykje, på godt og vondt. Eg måtte og smile når eg las listene, og gåvene, det var gjenkjenneleg!

Litt lettare litteratur må ein og ha; eg las "Skyggerom" av Jan-Erik Fjell. Dette er krim, og ganske ekkelt om menneskehandel, så lett litteratur er kanskje feil. Men krim er krim, og ofte lettlest, det passa meg bra!
I samme sjanger er "Djevelkysset" av Unni Lindell, likar du krim, er den god, men fort gløymt.

På nattbordet har eg bok nr to om Hildegard von Bingen, av Anne Lise Marstrand-Jørgensen. Hildegard var nonne i Tyskland på 1100-talet, voks opp i ein overklassefamilie, men vart sent i kloster som barn. Ho hadde syner og visjonar, og skriv mange sangar som er kjent enno idag. Det høres kanskje smalt ut, men er interessant om klosterliv og gudsliv i retteleg gamle dagar. Anbefalast!

I haust har eg lese "Karitas" av Kristin Marja Bulgursdottir, både første og andre bok. Dei handlar om kunstnaren Karitas, som blir fødd rundt 1900 og lever nesten til år 2000. Liv og kunst, å vere kvinne, kunstnar og mor, og livet på Island er godt beskrive.

På jakt på nye opplevingar på ein bokhandle, fann eg Kjersti Annesdatter Skomsvold si debutbok "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Det er ei underfundig bok!! Les og le! Eg kjøpte også "Manhattan, historier om New York" av  Torgrim Eggen, eg fekk lyst å reise dit på flekken og oppleve meir enn eg rakk på 2 døgn med små ungar på slep i 2007.

Eg må alltid ha ei bok, eller helst to, i bakhand. Noko lettlest og noko tyngre, ein bunke aviser og Kindle med tilgang til alt ein kan ønskje seg på Amazon.com… det er kvardagslukke, det!

Håpar dette kan gi nokre tips til andre og. Og tips meg gjerne om bøker!



(og nederst med små bokstavar: eg har lasta ned "Mad about the boy" med Bridget Jones på Kindle… :) )

1 kommentar:

  1. Så kjekt at du poster slike innlegg, jeg er alltid på utkikk etter ei god bok (selv om jeg siste årene ikke alltid rekker å lese noe særlig). Jeg er ekstra glad i krim og siste årene er det krim som har blitt mest lest. Henning Mankell er en av favorittene og så er jeg begeistret for Unni Lindell sine bøker om Cato Isaksen. Men jeg er alltid åpen for nye sjangere og ser frem til å følge din leselogg fremover.

    god ny uke til deg
    klem:)

    SvarSlett