onsdag 11. desember 2013

#hybellivet, ei oppsummerimg

Etter ein haust med meir reising enn vanleg og hybelliv i flerie rundar, er det vel rett og rimeleg med ei slags oppsummering.
Korleis vart det? Har eg gjort det eg hadde tenkt?

Å bu borte heile arbeidsveker kan vere ein skikkeleg egotrip! Det er ingen familiemiddag som skal planleggat og lagast. Mor kan velge det ho sjølv vil ha, eller velge take-away eller kafe(eller brødskive med salami, det tel som middag når ein et bakt laks i kantina til lunsj) Det er ingen som skal kjørast eller hentast, så #morstutogkjør har midlertidig stans i drifta(det er mogeleg far ser ansleis på det, han som er åleine om logistikken) Haugen med reine klær er ikkje her, så eg får ikkje bretta noko som helst, faktisk treng eg ikkje vaske klær heller! Eg kan berre drive leksehjelp og -masing via telefon, og vekking av trøtte tenåringar er ikkje mitt bord.
Greit å vere på besøk ein plass med kakkelomn ein kveld med storm og straumbrot.

Forrige veke var eg rundt og trefte mange kjente, det var superkjekt! Eg hadde full fart nesten kvar ettermiddag, opplevde strømbrot og lekselesing, prat om nye og gamle dagar, øitt trøbbel med trikkestopp som har flytta seg sidan sist. Eg åt sushilunsj med fine damer, og skratta som eg sjeldan gjer. Denne veka har eg berre gjort som det har falle meg inn! Eg har ikkje hatt ein einaste avtale etter jobb, eg har shoppa litt(litt er kanskje eit definisjonsspørsmål. Nokon vil sikkert seie at litt er mindre eller meir, eg ser eg skulle valgt større koffert), sitte masse i sofaen, lese, sett tv, surfa på nettet, sove middag. Eg har vore på jakt etter den perfekte julepynten, og har sett på julekrybbeutstilling. Eg har vore egosentrert og tenkt at dette er det ikkje ofte eg kan gjere, så det gjeld å utnytte det! No skal eg vere klar for innspurt til jul heime, trur eg…
Den aller søtaste #julepingvinen!
Planene eg hadde før eg byrja å reise; om å gå på kino, teater, kafe etc, har kokt bort i kålen på eit eller anna vis. Å jobbe har tatt meir krefter enn eg trudde, og eg fann ut at eg søv betre på sofaen enn på kino, billegare er det og… Eg har heller ikkje gått kilometervis tur berre for å gå, eg har ikkje strikka ei maske, ikkje laga julegåver, nesten ikkje kjøpt nokon heller.
Slottet i grått desembervær, eg gjekk forbi igår.


Og for den som måtte lure: eg har vore på jobb kvar deg, eg har vore på plass i god tid før klokka åtte og jobba heile dagen. Eg har gjort mest ting eg kan, eg har vore på møter, vorte kjent med fine folk, eg har måtte strekke meg litt og lære litt, eg har obserert og kommentert. Det krever si kvinne det og! Å vere på ein ny stad, tilpasse seg nye rutiner, sjå kva som er ulikt eigen jobb, diskutere for å finne ut kva som er rett, det kan minne litt om å vere student, sånn 20 år etter :)

Men å vere borte heile veker er også å sakne mannen, sakne tenårigane, sakne senga mig og ikkje minst dyna! Eg gler meg til å kome heim til aviser levert på døra før frukost, småprat med gjengen min, adventspynta hus, middag med familien og alt rotet og rutinene. Eg har sakna den vanlege jobben, dei vante oppgåvene og ikkje minst lunsj saman med kollegane mine. Det er normalen som er best! Eg er nok rett og slett eit vanedyr som likar kvardagen best, sjølv om eg ser at å gjere noko anna er godt for ein periode!



At det er meldt orkan i morgon kveld, når eg skal heim med fly, er ikkje som planlagt! Eg syns eg fekk nok reisevær og reiseforviklingar sist veke. Men slik er det vel å reise i desember?
Så får vi sjå om det er slutt på pendlinga no eller om det fortsett etter jul.

4 kommentarer:

  1. Høres egentlig litt spennende ut å være ukependler for meg som aldri har prøvd. Å få prøve noe nytt men likevel vite at det "gamle" og kjente venter om ikke så lenge:) Tenker man lærer litt om seg selv i en slik prosess, og så rekker man å savne de man er glad i - det tror jeg er sunnt av og til. Men det kjente er best - er slik jeg også - og det må være så godt å være på vei hjem.
    Ønsker deg god tur hjem og krysser fingrene for deg. For - ja - du fikk jammen nok reisevær sist!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er lærerikt å prøve nokonytt, nye oppgåver, nye kollegaer, men godt at bakteppet er det kjente! Er klar for kvardag heime no(og jul!) Lærer mykje om seg sjølv, både i jobb og fritid.

      Slett
  2. Med tre års vekependling Bømlo-Oslo og eit år Kvinnherad-Haugesund kan eg nikka gjenkjennande, både til egotrippen og lengsla. Men over tid blir egotrippen mindre, og det som er ugjort heime, forsvinn ikkje. Alt til si tid, er min konklusjon. Kunsten er å sjå fordeler med det ein held på med mens ein held på med det, for alle dei involverte i "prosjektet"!.
    Ha ei god jul!

    SvarSlett
    Svar
    1. God jul til deg også! I kveld har eg store problem med å sjå fordelene med pendling…sitter på ett hotell på gardermeon, værfast pga Ivar. ALt til si tid, no håpar eg at eg slepp pendling etter jul.

      Slett