søndag 8. desember 2013

Vekestart veke 50

"It´s beginning to look a lot like christmas"… kanskje ikkje inne hos oss, men ute var det skikkeleg julekort med snø, lav sol og lys på mange tre og stjerner i vindua idag! Og kaldt, jammen godt vi har masse ved!
Tyholttårnet og ei lav desembersol
Eg har hatt ei kort, men god, helg heime. På fredag såg det ei lang stund ut mørkt ut for heimturen. Alt det dårlege været gjorde Gardermoen om til ei hektisk maurtue av desperate folk som ville heim, no! Det er jammen ikkje så lett når avgangar blir innstilt fordi flya står i ro på stader med mykje vind eller snø, eller mangel på pilot og kabinpersonale etc. Mange blir sinte på dei bak skranken, eg vart litt oppgitt over mangelen på informasjon, humøret sakk saman med synkande blodsukker og aukande kø. Først vart avgangen utsett, så kansellert. Neste fly var også kansellert og då var det visst ikkje flerie fly... Heldigvis løste det seg, eg fekk bytta billetten og flyet gjekk til Trondheim
! Eg brukte rett nok 9 timar på heimturen, men slapp overnatte på Gardermoen eller ta nattbuss. No håpar eg berre det ikkje blir meir vær denne veka, så tur både opp og ned går greit.
Venting...

Det er tid for levande lys, stjerner med lys, lyslekkjer+++, det blir endå mørkare nokre dagar før det snur. Pappa brukar seie allereie dagen etter "at no har det vorte lysare"! Det er kanskje vel optimistisk, men eg gler meg på lengre dagar og meir lys, som alltid på denne tida. Det passar godt med adventslys og sang når vi tenner lysa. Vi syng oftast "No tenner vi det første lys"(på nynorsk, tross bokmålsungar) men denne av Eivind Skeie er også fin. Legg ved dei to første versa idag:

Tenn lys !
Et lys skal brenne for denne lille jord.
Den blanke himmelstjerne, der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes. Et lys er tent for det.


Tenn lys !
To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem.
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.

Eivind Skeie

To lys, 2. søndag i advent

Det fyllest opp i julekrybba
No må eg finne senga snart, det er tur til Oslo igjen i morgon tidleg tidleg! 
Eg skal jobbe, kanskje kjøpe julegåver, ikkje bake noko før eg kjem heim til neste helg. Eg planlegg faktisk å sitte ganske stille på kveldane, ete marsipan og lese, evt sjå lite krevande ting på tv, og skulle eg kjede meg, skal eg utvide horisonten, men ikkje før!
Ha ei strålande veke! 

2 kommentarer:

  1. Her sto ikke flyene stille på bakken en gang, de blåste ut av stilling... Godt at du kom deg heim selv om ventinga nok var ugrei! I morgen (i dag) er atter en ny uke og jeg ønsker deg ei strålande ei - høres ut som noen helt greie planer du har lagt:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel tilbake i Oslo, og gjør som planene sier, ingenting!

      Slett