lørdag 14. desember 2013

Lettvint jul? Særleg!

Det er snart jul!
Tradisjonar er viktige, og nye ting skal kanskje inn på lista, det er så mangt å ta hensyn til.
Det er naturlegvis ikkje så viktig korleis og kva ein gjer når ein førebur jul, SÆRLEG!
Eg har som eg tidlegare har skrive om, levd hybellivet i periodar i haust, faktisk særleg dei to første vekene i desember. Folk har på mine vegne bekymra seg for korleis juleførebuingane skulle gå, og eg har kjekt sagt at "neida, det går bra! Mann og barn kan vaske og resten tek vi som det kjem". SÆRLEG!
Eg har sitte på hybelen og skrive lister med kva(eg syns) skal kjøpast, kva eg kan tenke meg å lage, kva vi treng til jul, matlister, gåvelister. Eg har aldri vore så tidleg ute med julegåvene, iallfall ein del av dei, ein skal lyge med måte :)

Gåver ferdige til utdeling!

No er eg heime igjen og skal igang med gjennomføring av planene! Eg har ikkje nådd totalt stressnivå og sprengte blodkar, men eg har ein liten juledeperado i mitt indre som meiner vi MÅ ha julebrød, krumkaker og lammerull. Mannen meiner vi ikkje treng alt, berre fordi det snart er jul. SÆRLEG! Kva veit vel han?! Klart vi treng heimelaga fikenmarmelade, pepparkakehus og berlinerkransar!

Berlinerkaransar
Idag har vi vore ute og sendt julegåver, før posten sin frist! Vi har kjøpt både pinnekjøt og ribbe, og der var det faktisk ingen dsikusjon om vi trong det! Vi har bestemt at det blir Dronning Maud-fromasj til dessert på julaften og karamellpudding på nyttårsaften.

Eg har pynta til advent, med kalenderlys og julekrybbe, 4 adventslys og adventsstjerne. Min indre hamster har sørga for at vi(eg) har rikeleg med både adventspynt og julepynt får før. Enkelte i heimen meiner vi har meir enn nok, SÆRLEG! Ein får aldri nok og det finns alltid noko nytt som er heilt nødvendig for å skape julestemning. Det er difor vi(eg) har endt opp med 2 ulike Luciatog! Men kan ein ha for mange Luciatog?

Begge er nødvendige!
"Svart senker natten seg"




















Men ein ting skal eg ha, midt i alle listene mine, eg bekymrar meg lite for vasking! Der er mannen mykje verre, idag har han vore vaskegeneral og vi har måtte vaske stove og kjøkken og bad. For eit mas og for eit styr! Den mannen tek ikkje lett på det, tak og veggar skal vaskast og han er ikkje fornøgd med å vaske rundt teppa, neida, dei skal rullast vekk først… (ok, det blir fint og veldig triveleg etterpå!  Og enkle testar, som sjekk av vaskevatn, viste at det ikkje var omsonst arbeid…)

Det er lenge igjen til jul, slik eigentleg, og når det nærmar seg byrjar eg nok å stryke ting av lista, kjenner eg meg sjølv rett :)

Eg kjenner dessutan meg sjølv så godt at at eg veit at innimellom alt eg syns eg skal gjere, blir det nokre stunder med beina på bordet, julemusikk og kos. Eg kan leike jule-ordne-general så mykje som berre det, men eigentleg er eg litt lat… Eg har kjøpt ny julemusikk iår og, der er det heller ingen disksujon, det er alltid plass til ein til!
Marsipan er lov i desember! (og frukt naturlegvis!)

Papparkaker med blåmuggost! 


3 kommentarer:

  1. Det gjelder å begynne tidlig med å stryke ting fra listen... ;) Det blir jul åkke som!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir alltid jul! Som det året mannen leverte en stor oppgave 21.desember og jeg hadde betennelse i begge armer, og vi hadde to småunger… Triveleig jul ble det også!

      Slett
  2. Haha, her er mannen også vaskegeneral! Det blir nok jul i år også, får vi tro :)

    SvarSlett