mandag 11. november 2013

Vekestart veke 46

Soloppgangen då eg kom på jobb! Vakkert!

Eg får av og til så lyst til å skrive det O-store-blogginnlegget, det som rører hjerter og snakkar til den som les det! Det som skaper ettertanke og inneheld alle dei kloke orda, i rett rekkjefølge... Ikkje er eg så sikker på om eg har det store alvoret i meg, eller dei djupe tankane, iallfall ikkje for å sette på papir, og ikkje akkurat no. Ikkje er eg tøff nok til å starte ein debatt eller rope høgt og tydeleg kva eg meiner om noko folk er ueinige om. Eg prøvar trøyste meg med at alt ikkje skal skrivast, livet skal levast, minner skal skapast og venskap skal pleiast, før det er for seint.

Idag er det faste postar og vekestarten som gjeld! Den første snøen har vist seg fram, det er glatt under, er det så farleg? Det er eit stille under som har skjedd!


Snømorgon

Eit under hende stilt i natt:

Vi sov, og det har snødd.

Og alle vegar grodde att

der alle folk hadde trødd.

Vi trør og trør, men sjå, 
om litt 
er faret grødd på ny.

Og jorda ligg i nysnø-kvitt

i første gråe gry.

Halldis Moren Vesaas



Leve-i-november-oppdatering:
Det er jo november enno, idag snør det både oppover og bortover og eg måtte rett og slett sette ut ei lyslykt så mannen hadde noko å navigere utfrå på veg heim frå jobb(iallfall nesten så ille :) ) Eg har halde meg unna julebrus, pepparkaker og julemarsipan sidan sist. Men eg definerar klementin som ei haustfrukt og kan difor ete lassevis, heldigvis, sjølv om det er november. I helga har vi feira farsdag, det er kjekt, sjølv om mange meiner det er unødvendig. Det er da stas å lage fin frukost, ha nokre enkle gåver og hedre far?

5 kommentarer:

  1. Fin kopp! Her i sørvest er det regn i dag, men det er fint med haust, og som du skriv: Livet skal levast! Eit godt motto å møte våte haustdagar med!

    SvarSlett
  2. Takk for gode ord! Eg strevar med å prioritere, det er så ange deler av livet som skal levast. Men nokre av dei er viktigare enn andre...

    SvarSlett
  3. For ein fin blogg du har!
    Du har no fått ein ny følgar ;-)
    For ein stilig kopp!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk og takk! Og velkomen hit! Koppen fann eg tilfeldigvis på eit kunstgalleri, og fann ut at denne måtte mannen få, i anledning farsdag og 20 års bryllupsdag :)

      Slett
  4. Den koppen er bare så fin:)
    Ha fortsatt gode novemberdager. Det er november her også, og det skal det få være noen uker til! Men SÅ skal desember få komme inn;)
    Klem til deg
    Hanne:)

    SvarSlett