onsdag 8. mai 2013

Burdisme

Det er alltid noko ein burde gjort, brette klær, vaske opp, tømme oppvaskmaskina, lage sunn mat, rydde på loftet, ringe nokon, betale rekningar, kjøpe fødselsdagsgåver, bestille service på bilen. Eg burde slanke meg, følgje opp lekser med ungane, starte i kor, gå på konsert, sjå filmen alle snakkar om....lista er så lang som berre det, den burde kanskje vore lengre også? Er det noko eg har gløymt at eg burde?
Nokon burde rydde vekk matvarene

Eg øver på å ikkje bry meg, iallfall om mange burder. For burde blir fort ei byrde(hehe, eit fint ordspel)

Eg blir sliten av alt eg burde, så eg prøvar å snu ryggen til. Og eg øver meg på å skille mellom det eg skal/vil/må, og det eg bør. Ikkje bry meg når folk snakkar om at dei vaskar kjøkkengolvet kvar kveld, eller kvar veke for den del. Heller tenkje på det eg velgjer å gjere, som å lage middag som tek lang tid enkelte dagar fordi eg har tid og lyst, og andre dagar heller ta ei posesuppe, sjølv om "alle" seier at det går like fort å lage den frå botnen! 

Eg likar gå tur, det er godt for humøret. Men ikkje så effektivt som jogging, naturlegvis. Men kjem eg meg ut på tur er vel gåtur betre enn å sløve på sofaen?!

Eg er avhengig av bøker! Å finne ei god bok...å, glede!! Eg burde ikkje kjøpe så mange av dei, det kostar pengar og tek plass, men når det gir meg glede? At andre strikkar kofter og heklar skjerf, eller syr ein juleduk,  det ville ikkje gitt meg same gleda å gjere det!
Forebygger stress!

Å ikkje gjere noko ein kveld kan vere den aller beste medisinen for mange ting, vonde bein, slitent hode, trøtte tankar, men er lite å slå i bordet med i lunsjen, når dei andre har vore på den høgste toppen i marka eller vaska ned huset eller bakt 12 brød og 50 bollar. Burde gjort det eg og! Eg øver på å tenkje at det ikkje var det viktige for meg den dagen, og ikkje la det bli ei byrde. Ein annan gong kan det vere eg som har vaksa kjøkkenvifta, rydda i tørrvareskapet og skura flisene i dusjen(og sove dårleg)

Å blogge gir overskot, det er artig å få tilbakemeldingar på det eg skriv. Men det tek tid, og folk lurer på når eg rekk det, det er vel så mykje anna eg skulle gjort? Eg høyrer "burde gjort" og blir stressa, men det er mi tolkning? Øver og øver på å ikkje høyre feil og velge sjøl!

Husvask og rydding og andre ting ei god husmor gjer med smil om munn og glede i kvardagen, eg er nok inga husmor.
Gode husmødre vaskar nok opp istadenfor å ta bilete av oppvaskkosten?

Og gode husmødre tek nok ikkje bilete før kleda er fint bretta(og støkne?)
Enkelte burder skjønnar eg (utan at nokon treng seie det) at eg burde gjort,  huska og utført. "Alle" har bunad på 17.mai, "alle" har julegardiner og "alle" andre har orden på bileta sine. Det er forventningar frå andre, som ikkje blir sagt ein gong, men som eg kjenner på. Desse blir byrder i hovudet mitt! Det er ikkje det at eg ikkje er einig. Eg burde vore slank nok til bunaden, eg burde hatt gardiner(kanskje), men bileta er mannen sitt ansvar.

Men dei verste burdene er dei eg lagar sjøl; eg burde rekke både full jobb perfekt og strøkent hus og fin hage. Eg burde besøke foreldra mine oftare, eg burde vere eit betre venninne med betre tid til samtalar og shopping, eg burde ringe søskene mine oftare, eg burde kjøpe blomster til den eine eller den andre, eg burde tenkje klokare tankar, eg burde vere ei meir oppmerksam mor og ei meir støttande kone. Desse burdene lagar eg sjøl, og eg lagar dei uavhengig av om det trengs eller ikkje, og dei blir iallfall ei byrde om eg ikkje sorterar i viktig og mindre viktig og skal/skal ikkje.

Eg veit eg ikkje er åleine, eg høyrer det når eg snakkar med folk. "Eg burde luka i blomsterbedda eller vaska bil, sydd ferdig juleduken og sett mindre på fjernsyn". Alle har burder i hovudet sitt, alle har sine eigne burdebyrder, og at andre seier "gløym det!" er ikkje altid nok.
Eg har nettopp hatt konfirmasjon, og lista med burder var lang! I starten var den veldig lang, skuldrene var høge, stressnivået høgt, humøret lavt. Vi burde ha sang, tale, bilder, blomster, kaker, gjestar... Vi hadde konfirmanten på plass, det var det viktigste :) Etterkvart datt detaljer på plass, eg fekk mange gode hjelparar og enkelte punkt på lista datt ut - heldigvis, den var halsbrekkande lang... I etterkant ser eg at for mange detaljer ikkje gir ein betre dag, men meir stress. Men eg kan ikkje garantere at eg huskar det til neste feiring. 
Ikkje veit eg kva som er løysinga heller, anna enn å vere litt bevist. Det burde ikkje vere umogeleg?!

Eit lite triks har eg, men det er ikkje alltid det passar, eller at eg huskar det. Eg må ut av huset, vekk frå det meste, gjerne med ei bok, eg tek friminutt på kafe!! Åleine, på ein stad der det ikkje er noko eg må gjere.

Eg prøvar å legge inn ei pause på kafe når eg køyrer og hentar barn her og der, istaden for å springe ærend og gjere burde-ting. Eg les bok eller lyttar hemningslaust til samtalen ved nabobordet, ser tomt ut i lufta eller tenkjer ferdig ei tankjerekkje og skriv kanskje ei liste over noko eg må huske. Dette burde eg gjere meir.

8 kommentarer:

  1. Jeg synes du greier deg veldig bra jeg Kjersti .Bare å lese om alt du driver meg får meg til å puste som om jeg har gått i motbakke hehe...

    Ha fine dager <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Å gjere mykje er greit, når dei er sjølvstyrte, det er dei burdestyrte tinga som stjel mest krefter(også når eg ikkje gjer dei...) Ha ein fin dag!

      Slett
  2. Mange tankar her som me andre kan tenkja heilt ut. Og me burde gjera noko med det. Burde gjera listene kortare,tankane lengre.

    Du gav meg mot på pausane, lesestundene. Gleder som varer..

    Nyt dagen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Burde nok leggja deg til blogglista mi, forresten.
      Gjer det med ein gong..

      Slett
    2. Takk, Marit! Eg skal gjere berre lystting idag, no når eg er ferdig med ein tur på jobb. Lystting kan vere nytteting, når dei ikkje er styrt av burdismen :) Ha ein strålande dag!

      Slett
  3. Kjenner meg igjen.. Kom på at jeg fortsatt ikke har vaska juledukene mine.. Men de skal få hvile i fred en stund til.
    Tove

    SvarSlett
  4. Kjenner meg igjen.. Kom på at jeg fortsatt ikke har vaska juledukene mine.. Men de skal få hvile i fred en stund til.
    Tove

    SvarSlett