tirsdag 21. mai 2013

Forviklingar

Eg huskar eg såg "Forviklingar" då det gjekk på TV, ein gong i fjern fortid. Eg forsto ikkje programmet og humoren, men eg huskar forteljarstemma og musikken klart og tydeleg. Enkelte dagar har det med på sett og vis å vere akkompanjert av samme musikk og kunne med fordel hatt ei slik forteljarstemme som forklaring og trøyst....

Det byrja så fint, eg hadde togbillett til Røros, der skulle det gjerast litt vedlikehald på høgre fot. Etter ein roleg formiddag heime, kunne eg sette meg på toget og reise oppover. Sidan vegen vart stengt av ras nokre dagar før, så opna og så stengt igjen, var eg veldig glad eg hadde togbillett!

Lite er som å sitte på toget og lese litt, sjå litt ut av vindauget, ete litt niste, berre vere der og bli frakta fram til målet! Heilt utan ansvar, berre passe på billetten sin og oppføre seg som forventa.

Å sove på hotell er luksus, nyreidd seng, ingen plikter :)
Vel framme på Røros fann eg sjukehuset, ikkje noko stor bragd kanskje, men då visste eg iallfall kvar eg skulle møte neste dag. Eg vurderte å kjøpe vottar, det var veldig kaldt, men eg gjekk heller på hotellet. Etterpå tok eg ein liten spasertur i Røros sentrum, noko som ikkje er å forakte! Vakkert by!

Det klassiske motivet




Alt var stengt, så det var berre å sjå på detaljar og vindusshoppe. Det er jo veldig billeg, og kan anbefalast! Tusle rundt i fred og ro, i kaldt fjellvær, men fint lell.

Så langt, alt vel. Men kvar er forviklingane?

Eg skulle møte på sjukehuset kl 0800 neste dag, så eg testa ringelyd og tidspunkt på mobilen fleire gonger for å vere sikker på at eg ikkje skulle forsove meg. Eigentleg var eg litt usikker på om eg kom til å sove, for eg var spent på neste dag. Eg forsov meg ikkje, eg sov overraskande godt og vakna i rett tid, åt ikkje frukost, vaska beina grundig for gong nr x denne veka, reinhald er ein dyd, og tusla opp til sjukehuset.
Dokumentasjon: Foten før

Der var det stille og roleg, for mange hadde ikkje kome på at raskaste veg var stengt, og var difor forsinka. Klappa meg sjølv på skuldra for at eg hadde vore lur og reist dagen før. Eg fekk sette føtene rett i fotbad, ingen fare for skitne bein! Legen kom og lurte på om eg ville ha operasjon, noko eg takka ja til(legar no tildags er forresten veldig unge! Det har vel ingenting med min alder å gjere?) Eg trudde igrunnen eg hadde takka ja for lenge sidan, og at det var difor eg var der. Han trykte litt her og der på foten og teikna opp med tusj kvar det skulle skjærast.

Rakk ringe mannen for å seie at no starta straks operasjonen, så han kunne starte på turen for å hente meg, sidan det tross alt var over 20 mil å køyre. Høyrde ei litt stressa røst, han måtte gjere ferdig noko først. Det går sikkert bra, sa eg.

Så var det rett inn på operasjonsstova, der eg vart plassert på bordet og pakka inn i grønt. Grønt er mi farge! Etter meir vasking(!) og lokalbedøving, starta det som skulle vere dagens høgdepunkt for meg! Etter ei stund byrja legen mumle og brumme bak munnbind og forheng, og ville ha opplest diverse frå papira mine. Eg lurte på kva som skjedde! Nei, han fann ikkje det han trudde han skulle finne... Neihei... Fann andre ting, får vere nøgd med det ein har! Så vart eg sydd saman og sendt til påpassing. Eg kunne ikkje reise heim åleine, må vite, eg måtte hentast av vaksen og ansvarleg person!
Dokumentasjon: Foten etter
Den vaksne og ansvarlege ringte og sa at han var på veg, eg fekk mat og drikke og alt såg bra ut! Når ein ikkje får lov å drikke, blir ein veldig tørst! Det var godt å ha ei seng å sløve i, sjukehuset hadde trålaust nett, eg hadde tatt med lesestoff og eigentleg var taket fint å sjå på, så det kan hende eg sov litt.  Det har dessutan ein viss underhaldningsverdi å følgje med på alt som skjer, observere og småprate.

Melding frå mannen, no var han kome til Selbu. Fint:) Litt meir sløving i senga, lese litt, surfe på nettet, halde kontakt med omverda via instagram, twitter og facebook. Aldri åleine når ein har nett og sosiale medier!

Telefon frå mannen etter ein liten time, han var tilbake i Selbu....med bilproblem! (det er no eg særleg høyrer forteljarstemma frå Forviklingar i hovudet mitt) Ei lita stund såg eg for meg å måtte feire 17.mai på Røros i joggebukse og på krykker! Jada, kjente at det ikkje var heilt etter plana! Men når mannen fekk sagt litt meir, kom det fram at han både hadde funne bilverkstad og fått låne bil hos det som var dagens helt for oss:


Eg vart oppgradert og flytta ut av overvakingsrommet og inn på eige rom, med tv! Det var skikkeleg luksus, meir mat fekk eg og vips sov eg :)
Klar for henting, merk den lekre "blåsokken" på foten!

Så kom mannen, med leiebil, og henta meg. Eg var på full fart(nuja) mot trappa, før eg fekk tips om heisen lenger bort i gangen. Å køyre biltur med mannen er fint, det er god tid til å prate saman, noko som ofte er mangelvare i kvardagen. Eg fekk debrifa operasjonsdagen og mannen fekk debrifa bilproblema.

Vel framme i Selbu, sto bilen nyreparert og kjekk og venta på oss, heldigvis. Det var berre å flytte pikk og pakk over frå lånebilen. Berre...vel, godt eg hadde mannen med til å bære. Eg hadde nok med å stokke bein og krykker.
Selbu, klar for siste etappe heim

Då eg omsider fekk tak i tenåringane heime, for å forklare at vi var forsinka, fekk eg nesten inntrykk av at vi ikkje var sakna...
Vel heime! Home, sweet home!

1 kommentar:

  1. Forviklingar husker jeg også. Ikke rart vi ikke skjønte noe for det var jo en parodi på såpeserier og såpeseriene var ikke kommet til Norge ennå, ha ha.

    Lykke til med foten.

    SvarSlett