fredag 30. november 2012

Novemberoppsummering

Etter å ha gått høgt, breitt og hardt ut, får eg vel oppsummere november no. Korleis har det gått?
Eg syns ikkje november har vore så lang i år, det kan ha flerie grunnar enn mine gode forsett naturlegvis, men eg trur mitt ønskje om å finne november har hjelpt meg.

Kva har eg gjort?

  • Vi har laga eplekake, kanelsnurrar og cupcakes, det hadde vi kanskje gjort elles og, men no veit eg at eg har ete eplekake av sure eple frå heimstaden min, og den var god! Og når ein lagar slikt, er det kjekt å invitere gjestar, så det gjorde vi!
  • Eg har ikkje tent så mange lys inne, men eg har brukt lyslyktene ute kvar gong eg har venta besøk. Det er kjekt å kome ein stad der det lyser!
  • Eg har hatt sykveld, vi sydde og prata og åt klementin. Vi lærte av kvarandre, vi skratta og vi sydde på nytt når det vart feil. Og det vart det, for alle...
  • Eg har ikkje høyrt på P3, eg har halde meg til det kjente, eg har ikkje høyrt mykje musikk, men eg har lese masse. No er eg igang med "Kafka på strande" av Haruki Murakami.
  • Lange turar i mørket har det ikkje vorte, uviss grunn... Men eg har gått kveldstur med mannen og ein søndag gjekk jammen heile familien søndagstur i marka!
  • Eg har nesten ikkje kjøpt julegåver, det må eg vel snart starte med... 

Eg har ikkje tatt fram julemusikken, men i morgon :) då skal eg fram med lett og enkel musikk, så kjem den "tunge" musikken etterkvart som vi nærmar oss jula.
Eg har ikkje ete julemat, ikkje kjøpt marsipan, men må tilstå at i går kjøpte eg pepparkaker....

Og i dag har eg ete "mugne menn" av restane frå i går:

Pepparkaker med blåmuggost(idag Blå Selbu) er nesten det beste som finst! Det er noko med kryddersmaken og det skarpe i osten! Med litt fikenmarmelade ville det kanskje vorte endå betre? Eg må føre fikenmarmelade på "to-do" lista.

I morgon startar desember, eg har ikkje klar adventskalenderen, men har kjøpt litt som skal pakkast inn. Eg har etter mykje leiting funne posen med adventspynt, og testa at eg har lys i stjerna, så den skal opp i morgon. Adventsstaken er klar, med lilla lys og granbar.
Eg har kjøpt safran, så kanskje blir det lussekattar til Luciadagen?

Søndag skal vi ha gjestar, då har eg lyst å lage adventskrans av gjærdeig. Vi får sjå kva eg rekk, i morgon er det jobb, julemesse og julebord.

tirsdag 27. november 2012

Note to self rett før advent

Det er sofadag idag og, men formen er litt betre, junior les høgt frå reklamen og funderar over alt vi ikkje viste vi trong! Eg snyt meg og hostar og tenkjer litt på alt eg ikkje orkar... Men no skal eg lage eit lite adventsnotat til eg er frisk og rask igjen!

  • kjøp safran(eg har aldri, nokonsinne, laga lussekattar, men her eg ligg på sofaen med feber står det heilt klart for meg at i år er året å starte nye tradisjonar! Eg kan dessutan samtidig pynte med luciafigurane eg kjøpte meg i fjor)
  • adventskalendergåver. No når ungane er så store, prøvar eg kvart år å feide ut kalederen. Men det feilar kvart år :) Ungane seier det ikkje er så viktig lenger, dei kan godt ha sjokoladekalender eller ingen kalender. Men mannen syns det høyrest så trist ut, og eg har jo tross alt laga ein flott kalender... Så tradisjonen tru, det blir lang kveld 30.desember med å pakke inn ymse småting(og her er det snakk om mykje snop og strømper, for kva iallverda skal ein finne på til halvvaksne gutar når det ikkje skal koste så mykje?!) Men eg skal vere litt hard iår, det blir berre ei pakke pr dag.
  • Eg har kjøpt lilla lys og skal, når eg blir frisk, ut på leiting etter adventspynten. Sidan vi har tømt mørkeloftet, står kassene litt her og der, og kvar står adventspynten? Nokre ting skal fram til 1.desember, feks den STORE stjerna til å henge i vindauet og lilla glaskuler som skal ligge på lysbrettet. 
  • adventskalender på bloggen? Eg har lyst å skrive litt kvar dag, gjerne med eit tema(julepynt, primstaven, julemusikk, viktig med ambisjonar!)men sjølv om eg sitt i sofaen i dag, gjer eg vel ikkje det kvar dag framover, så ambisjonane må vel senkast :)
  • I dagens reklame reklamerer alle for den beste pepparkakedeigen. Eg har ei bekjenning å kome med: Eg har aldri kjøpt ferdig papparkakedeig! Eg var faktisk ikkje klar over at det var lov for husmødre! (obs! ironi!) Så eg lagar vel deigen sjøl i år og, og vi lagar vel papparkakehus, sjølv om eg har vakse frå kor viktig det er. 
  • Smørkrise! Det er meldt smørkrise iår igjen, men eg har 250 gr smør på lur til berlinerkransane! Ha! Eg har aldri vore spesielt opptatt av smør til jul, før eg var teke av smørbølga ifjor. Då oppdaga eg at berlinerkransane(som er den nesten viktigaste kaka) var mykje betre med smør enn margarin, så no har eg sikra meg.

Ser at tradisjonar styrer kva eg har på lista.. Får vel sove litt på det, tenkjer eg.

mandag 26. november 2012

Vekestart 48


Oi, ny veke, igjen! 
Eg er "syk og svak", alt går sakte, det er sofaliv, soving, hoste og snørr. Eg ser på vindauga som skulle vore vaska, ser det tydeleg når den lave novembersola kjem fram! Eg skulle vore på jobb, og lært nye ting og rett og slett gjort jobben min! Eg har ikkje lyst å ha vondt i halsen og berre sjå på alt som kunne vore gjort. Prøvar skrive lister, slik at eg kanskje huskar det når eg er frisk(for ofte forsvinn arbeidslysta og synet for kva som skulle vore gjort når kvardagen er vanleg att) Eldste junior er også heime, tett i pappen og sliten, ikkje mykje bråk på han heller!

Nok sutring! På laurdagskvelden var vi i thanksgivingselskap, det var kaldt og klart vær då vi gjekk heim utpå natta. Månen var ikkje full, men den lyste sterkt ned på oss. 


Månen

Månen ber meg
skrive eit dikt om han,
men eg seier at det
gidd eg verkeleg ikkje,
og han kan først ta og lese
alle dei andre dikta
som er skrivne om månen
så tenkjer eg
han skal få nok å gjere
denne natta iallfall.

Ragnar Hovland


Eg har akkurat lese "Ei vinterreise" av Ragnar Hovland. Underfundig, som diktet over. godt skrive på nynorsk, og stillferdig. Om menn midt i livet, som ikkje veit vegen vidare. Ei bok eg kan anbefale! 



Må ta med ein månetekst til:

I dag såg eg tvo månar, ein ny og ein gamal. 
Eg har stor tru på nymånen. 
Men det er vel den gamle.
Olav H. Hauge

Radioteateret har sendt opplesing av dagbøkene til Olav H. Hauge, mogeleg eg er sær, men slikt likar eg å høyre på! 
Ha ei fin veke!

torsdag 22. november 2012

Tradisjonar

Eg held meg ganske hard, og har ikkje jul i november. Eg kjenner at advent nærmar seg, og då skal eg prøvesmake julebrus, pepparkaker og marsipan. Det har ikkje kosta all verden av viljestyrke å unngå julemat og julegodter, fordi det har vore så mykje godt å ete lell. Eg har rett nok starta på julegåvene, treng litt tid til det når vi tilsaman har 17 nieser og nevøar, 6 søsken med ektefeller, 4 foreldre og oss sjølve å finne noko til! Vi driv og snakkar om adventskalender, skal/skal ikkje? Skal vi, må eg snart byrje å tenkje på kva den skal innehalde. Eg har kjøpt lilla lys, og lurer litt på om eg vil finne igjen adventspynten, for kvar la eg eigentleg den?! Adventsdukane veit eg iallfall kvar er, etter å ha brukt heile desember på å leite etter dei eit anna år.

I dag er det Thanks giving, og på laurdag er vi invitert til ein nabo på kalkun med alt tilbehør og skal feire thanks giving. Dei har gjort det til ein tradisjon å invitere naboar på fest denne helga, det er så kjekt! Gode naboskap er vel verdt å feire!

Men enkelte ting må gjerast i november for å kunne nytast i desember! I år har eg ikkje salta og tørka eige pinnekjøt eller fenalår(nokre år rekk eg det, andre ikkje...) Eg har ikkje laga sauerull heller, men plana er å lage enkel grisesylte etterkvart.  Men utan fruktkake blir det nesten ikkje jul hos oss!
Då vi starta feire jul for oss sjølv for 13 år sidan måtte vi finne noko som var vårt, og ikkje berre var noko vi hadde med oss. Eg fann oppskrift på ei fruktkake som har fulgt oss sidan, enten vi er heime eller borte. Den må lagast i god tid og så få ligge og godgjere seg, men ein liten prøvesmak blir det når den er heilt fersk :) Då ungane var små, innførte vi at lillejulaften, når det meste var under kontroll og roa senka seg(ungane var i seng, altså) fekk vi fruktkake og julehefter. Begge er vant med at julehefta først kjem fram etter middag julaften, medan ein ventar på pakkene, men vi gjorde ein vri -som har halde seg! Vi gjer det alltid slik når vi er heime hos oss sjølve, men vi kan ikkje vente til ungane er i seng lenger!

Oppskrifta er ikkje hemmeleg; den kjem her:

Engelsk fruktkake





350 gr blanda nøttekjerner (feks valnøtter, hasselnøtter, mandler, paranøtter)
150 gr tørka dadler
150 gr tørka fiken
100 gr hakka sukat
50 gr røde coctailbær
150 gr rosiner
100 gr mel
1 ts bakepulver
1/4 ts havsalt
150 gr sukker
3 store egg

Smør ei brødform(ca 1 liter) Bland de 6 første ingrediensene, bland inn mel, sukker, bakepulver og salt. Bland godt og rør inn eggene. Fyll i forma. Steik i ca 80 min ved 160 gr.

Og ja, oppskrifta er heilt rett, det skal kun vere 100 gr mjøl, det er mykje sukker og det vil ikkje sjå ut som om dette heng saman, men det gjer det! Når kaka er avkjølt, pakkar eg den i aluminiumsfolie og legg kjølig fram mot jul. Denne kaka egnar seg godt som julegåve, planlegg eg det lagar eg dobbel porsjon.

søndag 18. november 2012

Vekestart 47

Idet eg skriv 47 høyrer eg alle vaksne si røyst seie "veke 47?! Tida går så fort at eg knapt heng med!" Og eg høyrer det er mi eiga stemme som seier det... Jaja, livets gang etc. Eg kjende meg vaksen før idag også, då eg inviterte til søndagskaffe! Eg drikk ikkje kaffe, då men, eg serverte til gjestane og hadde heimebakte kaker og kanelsnurrar og det verka svært vakse å gjere noko slikt :)

Elles har vi gått tur i marka idag, med fjortenåringen som kjentmann. Det blir sjeldan rett fram...men kanskje blir turen meir interessant på den måten? Han tok oss med på nokre av dei fine sykkelstiane "sine", og mor tenkjer det er godt med alt ein ikkje veit. Men idag var det fottur i sol og snø og gjørme og is og igrunnen ikkje så godt føre, men triveleg selskap gjer turen fin lell.

Vekas ord er Odd Børretzen sine, frå plata "Syv sørgelige sanger og tre triste"
Børretzen er ein av mine favorittar, med lun stemme, satirisk, krass og underfundig, sjøl om eg ikkje alltid er einig i konklusjonane hans.
Sangen "Paradise bay" får iallfall ein ekstra dimensjon no når han er dø. Les og høyr for deg stemma!


PARADISE BAY

Jeg skal ut og seile, bror.
Sånn som hundre ganger før. Jeg tror jeg har fått alt om bord; brød og vin og Visakort,
røyk og øl og smør.
Jeg har gjort det før, min venn. Og nå drar jeg ut igjen.


Jeg lette sikkert etter no ́ en gang for lenge siden, noe eventyrlig som var gjemt.
Men hva det var jeg lette etter, har jeg faktisk glemt. Jeg har seilt i ferskt og saltet vann.

Jeg har drukket meg fra land til land.
Jeg har vært der pepper ́n gror, min bror. Nå drar jeg ut igjen.


Jeg vet ikke hvor jeg skal, men jeg vet at jeg skal reise langt. Kanskje sovner jeg der ute og driver i all evighet omkring på de uendelige hav?
Eller jeg våkner etter noen hundre år i en saftig-grønn fjord og finner en havn og der sitter kanskje avdøde Joshua Slocum på kaia. Han som i november 1909 seilte ut på sin siste tur. Og intet levende menneske har sett ham siden. Men skje jeg skal se ham, og Joshua Slocum sier kanskje:
«Howdy, sailor. I am your harbour master. Finn deg en plass på utstikker 9. There you can stay. Welcome, son, to Paradise Bay.»


Nå seiler jeg min siste tur,
med brød og vin og Visakort, og røyk og øl og setersmør. Som sagt, jeg har gjort det før. Min bror – nå drar jeg ut igjen.

Jeg heiser mine slitne seil.
Jeg kaster loss og drar.
Nå er jeg faktisk klar, min venn.


Sees vi igjen? 

Odd Børretzen


Eg legg med ein link til Paradise bay

Ha ei strålande veke!

lørdag 17. november 2012

Kanelsnurrlaurdag

Ei av planene for november var å ete kanelsnurrar. Det er ferske kanelsnurrar i kantina kvar dag, men eg ser ein annan veg og prøvar ikkje tenkje på dei til kvardags! Men idag er det laurdag, og eg kunne bake sjøl :)
Snurrane står til heving...
Eg brukte verdas beste oppskrift, og fekk hjelp av junior, som skal ha mat-og helseprøve på tirsdag.
Vi spara verken på smør eller sukker idag!

Det er noko av det beste som finns, lukta av nystekt gjærbakst!

Fine å sjå på, luktar godt og smakar godt!
Til slutt fekk dei litt melis på, og det gjekk unna med baksten.  Men med stor oppskrift, er det heldigvis nokre igjen, slik at det blir litt å legge i frysaren som vi kan ha ein annan dag.

Eg har forresten fått "smekk på fingrane" idag, for eg kom heim med eit brød som såg slik ut:
Det som ikkje vises på bildet, er at det står Sirupskake, men når det er så mykje nissar meiner dei andre i heimen at eg er på kollisjonskurs med mitt prosjekt om å leve i november...ikkje ta jula på forskot. Jaja, det er vanskeleg å ikkje gjere ein og annan feil! Eg har ikkje kjøpt marsipan eller pepparkaker, iallfall, ikkje enno. Men det byrjar bli vanskeleg, det er jo snart berre juleprodukt i butikkane; juleskinke, juleleverpostei, julesjokolade og potetgull med julekrydder...

Kanskje er det fordi eg er litt bevist på å leve i  november, at november er lettare, lysare og har meir eigenverdi iår? Vi har hatt besøk, eg vart invitert med på teater ein kveld, eg har jobba meir(ikkje eit pluss nødvendigvis...men ein tur til Oslo ga lys og sol ein dag det plaskregna og knapt var dagslys i Trondheim) og eg har hatt nieser på sykveld. Det var ein kreativ kveld, med latter og klementin og sying og litt småfeil og symaksintrøbbel :)
Så får eg prøve å oversjå at alt frå mørkeloftet står i stova, medan mannen etterisolerer loftet. Det blir veldig bra, og det blir tvangsrydding i ting ein har lagra litt over dato...
Men med halve november bak oss, og mørkare og mørkare dagar, gler eg meg til å henge opp litt meir lys rundt om, eg planlegg julebakst og adventsstaken, og gler meg til å smake på papparkaker og gløgg!

søndag 11. november 2012

Vekestart 46

Det er søndag kveld, straks startar ei ny veke og det er på tide med nokre gode ord til starten!

Eg skriv no, sidan eg i morgon skal ha besøk av sydamer, stova er omgjort til systove og vi skal sy og skravle(og sidan eg er eldst og har hatt symaskin lengst, er eg "kursleiar"!)

Desse vekestart-orda blir ofte så strenge, litt alvorleg, samtidig som dei er sanne, forsåvidt. Men i dag vil eg bryte med det, og gje dykk noko blott til å smile av!

Jagrisen og neigrisen

Først tegnet Liv en Ja-gris,
en riktig blid og glad gris.
Den smiler sånn at milevis
har ingen sett slik smilegris.

Så tegnet Liv en nei-gris,
en riktig sur og lei gris,
men også den er heldigvis
blitt nokså lik en heldig gris.
For Liv, hun er så morsom selv
at grisen smiler likevel!

Andre Bjerke

Morovers av Andre Bjerke las vi veldig ofte og mykje til dei som no er tenåringar då dei var små, ei stund trur eg at eg kunne alle utanat! Det var rim og rytmer og humor som passe til store og små :) Det er den beste sorten! Lesing ved kveldsmaten var ein kjær syssel, som er borte no. Kveldsmaten også...

(men grisen vi åt til moddag stiller seg vel litt tvilande til heile greia?!)

lørdag 10. november 2012

Du veit...

...du har budd lenge ein stad når dette er det du finn på mørkeloftet. Og dette er etter at vi har kasta ein del... Det er mykje nostalgi i bittesmå svarte lakksko som største junior brukte si første jul og i cherroxar med skumle klør som minste junior brukte i barnehagen, og i bankebrettet og barnebøkene og henteklær frå sjukehuset og og og...Men no er det iallfall litt meir system og når mannen har lagt isolasjon og nytt golv på mørkeloftet skal kassene opp igjen! Kan ikkje kaste alt! Eg er tross alt ein hamster!

onsdag 7. november 2012

Prosjekt leve-i-november

Det er 7.november, korleis går det med å nyte november og leve her og no?
Igrunnen strålande! Positiv tankekraft gjer underverk, iallfall til ein viss grad. Eg overser reklamen som handlar om jul og sukkar berre litt når det er julereklame på TV...

Eg prøvar tenke at det er fint med litt snø, det blir lysare då! (men eg irriterer meg over værvarslet som seier varmt igjen om nokre dager=is og glatt)

Vi et mengder med klementiner, det er seinhaustsmak og søtt og fullt av sunne c-vitamin!

Idag har eg vore på kafe, åleine rett nok, men i seskap med ei god bok og ein kopp grøn te! Eg lurkikka på dei andre, let meg fasinere av den engasjerte samtalen på nabobordet; på teiknspråk! Dei kan jammen diskutere oss andre, utan at vi forstår det! Eg høyrte litt på dei som øvde til sangtime og diskuterte tekstuttale og dei to vaksne damene (sikkert over 50!) diskuterte framtida i USA og verda med Obama. Men mest las eg bok og drakk te, i 30 fantastiske minutt der eg eigentleg satt og venta på ein junior.

Prosjekt november-leve-i-tida fortsett!

mandag 5. november 2012

Vekestart veke 45

Vekene går unna, det er måndag oftare og oftare, og eg som har lovt nokre kloke ord... :)
På jobb har eg ein slik flipp-flapp med lommer for å ta vare på ting, telefonlister, "korleis lage botntekst på dokument", "slik lagar du svarbrev", kommentarar til standardsvar, adresser til samarbeidspartnerar og anna nyttig, men det beste er den lomma der eg puttar inn lappane eg skriv kloke ord eg høyrer på radio eller les i forbifarten! (veldig sjelden kloke tankar eg har tenkt sjølv, dessverre) Dagens visdom har eg skrive på ein gul lapp ein gong, eg har ikkje samanhengen det står i, er det nokon som kan bidra med det; på forhånd takk!

Fuglen slipper sin gren, 
fordi den tror sine vinger 
Johannes Møllehave

Eg veit ikkje kven Johannes Møllehave er/var eller kva han er kjent for, men desse orda har bite seg fast i meg! 

Eg kjenner på at nye utfordringar, for store sko å fylle, det å hoppe i det, ikkje er mi beste side! Eg har, for å bli i biletet, lyst å sitte på greina!

For fleire år sidan var vi på Fjellfestivalen på Åndalsnes og såg masse kortfilmar, mellom anna ein om merganser-and (Ride of the Mergansers) Det var ei fasinerande skildring av andungane som nærmast vart kasta ut av reiret når tida var inne og kræsjlanding de luxe! Ungane må ut av reiret 24 timar etter at dei er klekt! Dei er ikkje så stø å verken det eine eller det andre, dei må stole på seg sjøl og foreldra.

Men av og til må ein sleppe! Tru på vingane sine! 
Ha ein fin veke, hopp i det!

søndag 4. november 2012

Eg velger meg november

Kvifor iallverda gjer eg det? Mørk og kald og utan ekstra fridagar og eigne tradisjonar.

Jo, nettopp fordi den har så dårleg rykte og meir og meir blir oppeten av jul. Eg kjenner eg blir prega av det som skjer rundt: start jula no(det blir vel ikkje sagt så rett ut, men...) i fred og ro, prøvesmak juelmaten medan det er tid, pynt så du rekk kose deg+++ Eg vil finne det gode med november!

Eg var ute og handla 1.november  og vart nesten fanga av jula. Eg kunne jo kjøpe julepynt no, så mykje fint og søtt og stilig og sjå i butikken. Eg fall nesten for fristelsen, men så tenkte eg: treng eg den? Neppe. (Og er eg heldig er den på salg allereie før jul, så eg kan kjøpe den då.)
Julematen er her, et den no! Kvifor det? Då blir eg lei før til og med adventstida startar. Klarer eg vente til iallfall 1.desember, er det lell over 3 veker til sjølve jula byrjar. Julemusikk har eg ikkje høyrt enno, men den kjem nok snart.

I år vil eg heller prøve å fokusere på november!
Ein månad for å ete haustmat! Eg kan godt ete fårikål ein gong til, eg har ikkje laga lammelår enno, og eplekake, mmm, med kanel og rosiner og mjuk krem, det kan eg lage mange gonger av dei sure, sprø epla frå apalen heime! Og suppe med rotgrønsaker og svineknoke, eller ertesuppe, eller kanskje kjøtkaker med tytebær til? Og ein kveld vil eg ha kanelsnurrar og kakao med krem.

Eg kan tenne levande lys i mørket, dei fine lyslyktene mine ute kan godt brukast endå meir og skaper hygge! Og inne kan eg fylle stova med telys og duftlys og stormlykter.

Eg skal ha sykveld med nieser og søster, vi skal sy til julemesse og julegåver og oss sjølv, vi kan høyre mjuk haustmusikk, kanskje litt jazz medan vi pratar og kosar oss, i november!

Eg kan gå på kafe med vener og kollegaer, og kjenne på den gode samtalen og snakke om gleder og lufte frustrasjonar.

Eg skal fyre i omnen og krype opp i sofaen og lese gode bøker. Treng du tips, sa du? Eg anbefalar Ken Follett og den nye boka hans: "Vinter over verden". Eller engelsk krim, av Ann Cleeves, eg les på Kindle og kosar meg!

Eg kan gå tur i mørke kveldar og lengte til sola snur, kjenne litt på novembermelankoli. Eller eg kan gå tur om morgonen og sjå dagen komme, kanskje med novembersol som idag?

Eg vil høyre på radio og lære noko av eit program på P2 eller la meg underhalde av P1, eller motsett. Eg vil høyre ny musikk på P3, eller høyre på ein kanal eg aldri høyrer på og oppdage noko nytt.

Samtidig kan eg skrive lister for det eg skal i desember, julegåver og bakst og julekort, og vite at eg har det der, på listene, eg treng ikkje huske det. Eg kan kjøpe inn til adventskalenderen, slik at vi kan starte nedtelling i desember-når tida er inne.

Men eg vil leve i november, ikkje berre ein transportetappe til jul!