mandag 1. juni 2015

Vekestart veke 23, om sommardraumer og fokus

Eg skal ikkje skrive om regn, kaldt vær eller ugras. Det kunne eg gjort, men eg skal prøve å finne eit anna fokus.
Eg drøymer om sommar. Du veit, varme, sol, lange kveldar der ein ikkje vil sove fordi lyset gjer at ein heller går tur. Morgonar der ein går ut i nattkjolen og drikk te og les avisa utenfor døre, tidleg på morgonen. Lett solbrent kropp som er så varm at ein ikkje treng dyne når ein skal sove. Lukta av grillmat og jordbær. Det drøymer eg om! Eg drøymer om å sykle til jobb i sommarkjole, kome ut etter jobb og møte varmen i døra. (inni her er ein draum om å ikkje ha vond rygg også)
Men slik er det ikkje, enno… Eg har litt brakkesjuke pga av vær og rygg, og tenkjer eg må skifte fokus! Finne noko anna å tenke på. Noko artig å gjere, som ikkje krever bestemte ytre rammer som varme, sol eller opphaldsvær. Eg veit ikkje kva enno, eg er i tenkeboksen. Eg har lese ei frykteleg letttlest bok, om forviklingar og kjærleik, av den typen der du tidleg forstår at alt går bra til slutt! Las den på engelsk, einaste gode med den:) Eg vurderar å unne meg den nyaste boka til Jørn Lier Horst. Eg skal nyte å gå tur midt på dag. Eg skal vatne tomatplanta mi, den står på gjesterommet inntil vidare. Enno er det ingen fare for at plantene som er ute skal tørke inn... Andre forslag??

Junior har fått trøorgel, det var ein av draumane hans. Det slår meg at vi har ulike draumar, og alle er fine for den som har den! Eg fann eit dikt med orgel. Som også seier noko om livet!

å leve

å leve
er ikkje akkurat det lettaste som finst

ikkje alltid vakre roser
og fin musikk
men sidan no
dette orgelet likevel står her
kan vi vel spele litt på det?

Arne Ruset


Ha ei fin veke!

4 kommentarer:

  1. Du er god å sette ord på ting!

    Nyt Juni :-)

    SvarSlett
  2. Kjøp den nye boka, ha fokus på de tingene du KAN gjøre noe med. Og så vil ting visstnok bli bedre, med tid og stunder. Og det vil komme en sommerdag med varme, jordbær og grill!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Idag regnar det ikkje både loddrett og vannrett, eg har gått tur i sol, eg skal kjøpe meg ny bok og eg trøystar meg med dine gode ord!

      Slett