onsdag 10. juni 2015

"Det ligg i veska mi"

Noko av det verste eg kan be mannen eller tenåringane om, er å hente noko til meg, med påhenget "det ligg i veska mi". Eg får ofte til svar at då må eg hente det sjølv, for "det er ikkje muleg å finne noko i veska di".
Hæ!? Der har eg jo berre det mest viktige, det eg treng i ei fart, det som må vere med på jobb, på butikken, på ferie, på kafe etc. Det er vel der litt av problemet ligg, for eg er førebudd på alt! Og det er sjeldan eg tek noko ut…. Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg ikkje har rekt å  ta telefonen, fordi eg ikkje finn den i veska. Men vanskeleg å finne fra?! Neida!
Mammadamen skreiv om vesker igår, og eg kjenner meg igjen! Sjølv om eg ikkje har vårserviettar og sjokoladepapir. (våtserviettar hadde vore kjekt å ha, forresten) Det er mykje rart oppi der, og eg fann ut at no kunne eg sjå over kva eg har og samtidig få rydda litt.
Eg brukar ein liten sekk, fordi det er betre for ryggen, men med enkel grep kan den bli veske, så det er det samme!
Kva skjuler seg her?

Kva fann eg så? Litt ymse, kan du seie!

  • nøklar til huset og bilen, nøkkelkort til jobb
  • lommebok
  • eit handlenett
  • lesebriller
  • klut til å tørke av brillene med
  • to -2- notatbøker, ein veit aldri når ein treng mykje notatplass!
  • sminkepung
  • ein liten pung til busskort og ekstra nøklar
  • to leppestifter
  • 2 penner
  • tanntråd
  • neglesaks
  • rabattkuponger
  • 2 kroner
  • 1 "mynt" til handlevogn
  • tomt tyggispapir
  • 3 handlelister, ferdig handla
  • ein neve kvitteringar frå parkering, lege, butikk++
  • eit brukt lommetørkle
  • og ein del uidentifiserbare ting, som truleg er restar av kvitteringar, støv, hybelkaninens fetter "veskedottene"
Det vart då litt...

Det som brukar ligge der i tillegg er ei pakke papirlommetørkle, smertestillande og mobiltelefon. Ofte ei bok og/eller eit nettbrett. Skal eg på tur, må eg også ha mobilladar, fotoapparat, ei avis og litt drikke.
Då fekk eg rydda litt og sett over på ein gong, og må sjå til å få fyllt inn det som manglar! 
(Og kanskje ikkje så rart at mann og barn ikkje finn fram…eg ser den!)

6 kommentarer:

  1. Haha, jeg har fått beskjed om at jeg inspirerte til Mary Poppins sin veske, de tror jeg bare mangler stumtjeneren!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tungvint å dra rundt på en stumtjener da! Måtte vært sammenleggber(i veska, naturligvis)

      Slett
  2. ha ha- som jeg skulle sagt det sjøl;.)

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  4. Haha, tror de fleste damer kjenner seg igjen... utrolig hva man kan få plass til i en veske gitt! Mannen min er stadig imponert over hvor lang tid jeg bruker på å finne mobil/nøkler/lommebok... :-)

    SvarSlett