mandag 2. mars 2015

Kva skal vi ha til middag?!

Eg likar å lage mat. Lage sunn mat, lage mat frå botnen, bruke tid på å lage mat.
Men…når eg er ferdig på jobb, veit at vi har kort tid på oss, kanskje rekk vi ikkje felles måltid og kjøleskapet er tomt, då blir det gjerne noko lettvint(og dyrt) som ikkje nødvendigvis er så godt heller. Det blir ikkje så variert mat på den måten, og ikkje så mykje grønt tilbehør.
Så etter jul kjente eg for å endre litt på innkjøpsrutinene! Eg skreiv om det her vekestart veke 6 No har vi prøvd nokre veker, og korleis går det?
Det går ikkje heilt strømlinjeforma, men eg prøvar planlegge veke på laurdag eller måndag, eg skriv lister før eg handlar og vi har ei slags grovplan for middagane. Så no tenkte eg å vise deg menyen for sist veke og kva eg planlegg for denne veka:
Veke 9
måndag: fiskeball m/ bacon, potet, gulrot og kålrot
tirsdag: pølseform
onsdag: fiskekaker m/ mangosalsa og fullkornspasta
torsdag: wok med svinekjøt
fredag: pizza med elgskjøttdeig og pizza med spekeskinke, blåmuggost, pinjekjernar og honning
laurdag: vart det aldri middag men vi fekk skinkemuffins i bursdagsselskap
søndag: fiskegryte frå Trines matblogg (eg brukte hyse, og hadde ikkje bacon)

Fiskegryte

Veke 10
måndag: pølsesuppe
tirsdag: fiskekaker i brun saus
onsdag: stekt fisk med potet og råkostsalat med gulrot, appelsin og rosiner
torsdag: fiskegryte med fløtesaus
fredag: pulled pork i wrap
laurdag:
søndag:

Dette er plana, men det kan jo være at det blir ei endring undervegs. Eg har handla utfrå denne plana, og då har eg det eg treng når vi kjem svoltne heim og tenåringane lurer på når vi skal ha mat!

10 kommentarer:

  1. I perioder har jeg vært flink til å sette opp ukeplaner for middagen, og det har vært skrekkelig lettvint når det har fungert. Snart skal jeg begynne å jobbe igjen, så da får vi komme i gang med det igjen.

    I dag skal vi ha rødsei med kokte poteter, stekt bacon og hvit saus, og jeg gleder meg som en unge! Det var favoritten min da jeg var lita, og nå har jeg ikke spist det på mer enn 20 år...

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, sånne barndomminnermat er godt! Eg er redd det kan vere eit forbigåande fenomen at eg planlegg så godt, men det er ei fryd medan det varer! Ventar på rapport om rødseien :)

      Slett
    2. Det var vannvittig godt, minst like godt som jeg huska det! Men jeg skulle nok ha vanna den litt mer ut, så jeg forventer trafikkork ved kjøkkenkrana i løpet av kvelden... ;-)

      Slett
  2. Ein plan har alltid nokre 'barnesjukdomar' innan det går av seg sjølv ;) Eg er imponert over fiskeinnhaldet i menyane.. Her blir det fiskebollar som forrige måndag hjå deg ;)
    Ønskjer deg ei flott veke!
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Frysaren er full av sjølvfiska fisk og fiskemat frå vinterferien, difor all fisken på plana :) Men det er eit forsett det også, å ete meir fisk til dagleg.

      Slett
    2. Eg skulle vel aller helst sagt at me har same forsett, men ut ifrå at eg ikkje et noko særleg sjømat, synes eg det er bra me så vidt klarer ein fiskemiddag i veka... Kan hende eg plutseleg får smaken på fisken ei gong?? ;)

      Slett
    3. Eg vart litt trøsta då pappa fortalte at han eigentleg ikkje likte fisk før han vart 60 år! Før det berre åt han fisk😊

      Slett
    4. Så bra!!! Då finnes det håp for meg òg ♥

      Slett
  3. Ukemenyer er genialt! I dag koker jeg mye poteter og gulrot som serveres med fisk. Blir det noe til overs puttes dette i en suppe til i torsdag med tomat, løk og kylling. Nøkkelen ligger i planlegging.

    SvarSlett
    Svar
    1. Planlegging er nøkkelen til roligere dager for "husmora"! Men noen ganger glemmer jeg meg…og tror på mirakler i kjøleskapet mens jeg er på jjobb!

      Slett