mandag 23. mars 2015

Eit glimt av måndag

Eg har gått tur i skogen idag. Det slo meg undervegs at eg nok burde tenkt på at det ikkje er like mykje vår i skogen som i byen… Isen låg blank og glatt over heile vegen. Heldigvis finns det stiar inni mellom trea, og der var det bart, så eg kom meg fram. For eg hadde naturlegvis tenkt at joggesko var rette fortøy, og ikkje piggsko. Neste gong kan det vere at eg tek piggsko :)


Men der isen hadde smelta, var det herleg sørpete og skittent! Eg er glad vi har vaskemaskin, slik at eg berre kunne kaste alt eg hadde på meg, inkuldert sko, rett dit då eg kom heim!
Og med ein tur i skogen, har ryggen fått rotasjonstrening for idag.

Så får vi sjå om eg klarer kome med eit glimt av tirsdag i morgon.

4 kommentarer:

  1. Herleg!
    Var litt våtare i skogen enn eg trudde også.
    Og innimellom våren var det både vinter og haust :-)

    God natt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lite glimt av sommar, men haust, vinter og vår i eitt her også. Men ÅH så herleg å kome seg ut!
      Ha ein fin dag :)

      Slett
  2. Deilig å komme seg ut på tur. Jeg har holdt på med inneting i dag på tross av knallvær ute. I morgen skal jeg ut å putte reklamemateriell for meg selv i postkasser, så da håper jeg på litt bra vær. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tur er mitt "friminutt", Kom meg ut i dag også, gjør godt for kranglete rygg og nakke.
      Lykke til med reklamerer! Spennende tider!

      Slett