søndag 11. januar 2015

Vekestart veke 3

Ute er det snø og is, og mildvær enkelte dagar innimellom før det blir kaldt igjen. Det er holke på vegar og stiar, så piggsko var det einaste rette på tur i skogen idag. Eg turde ikkje prøve ski, sidan det ante meg at det var hardt i løypa. Eg hadde rett! Tanken på å dette i ein nedoverbakke var ikkje fristande for min allereie stive rygg.
Tømmeholtdammen, islagt

Inne fyrar vi med ved, dagen lang. Det er så godt å kvile augene på flammane inne i omnen, det er så god ein varme å stille seg inntil. Og vedbua er full av ved enno! Vi har kjøpeved og ved frå eigen hage og bjørkeved frå svigers. Vi er rike!

Dagens dikt er av Helge Torvund, og heiter

Skal me leggja ein vedstabel

Skal me leggja ein vedstabel
Då må me ta til frå grunnen av
Leggja litt kraftige vedskier
på marka for å få det tørt
Byggja opp nokre støtter i eine enden
Så kan me ta til
Leggja luft av ved oppå lukt av ved
Grundig og luftig på same tid
Ta på tre Bork og hud
Treet sin kjærleik til lyset må vere stor
Min kjærleik er stor
Eg veit med alt eg har mellom hår og jord
at treet skjøner lyset betre enn meg
Skal me leggja ein vedstabel saman
slik at treet sin kjærleik til lyset
kan brenna gjennom vinteren

Helge Torvund

Å gjere noko saman, bygge noko som varer, krever samhandling og å forstå kvarandre. Ein kan nesten trekkje trådar til ting som skjer ute i den store verda akkurat no…

No er jula ute av stova, det er tulipaner på spisebordet og eg nyt ha ei romslegare stove. På same måte som eg kosar meg med å lage til jul. Det er ei tid for alt!

Junior går litt sakte etter full innsats på volleyballbanen på fredag. Det er heldigvis "berre" forslått og forstrekt, og han har kledeleg blå og hoven ankel. Denne gongen kom han på at vi kanskje ville vite at noko hadde skjedd, så han sendte ei tekstmelding til faren om at han nok måtte på legevakta. Den kom omtrent samtidig med at han hinka opp trappa… Men han har lært, etter den gongen han hadde falt på isen og slått hol på begge knea og buksa var stiv av blod frå knea og ned. Då eg kom heim, 5 timar etterpå ropte han "går det an å vaske bort blod?" Gjett antal bilder som gjekk gjennom hovudet mitt før eg viste kva som hadde skjedd. Eller den gongen han lurte på korleis ein rensa små skrubbsår, då fekk eg vite om eit sykkelvelt etter endt skuledag… Eit lite skrubbsår sa han, nåja…lite og lite, seier mor! Skal ikkje klage no altså! Lagt på ispose hadde dei allereie gjort, og vi fekk ein kjapp og heldigvis kort tur på legevakt og røntgen! Men litt måtte han lide, for han fekk ikkje låne bil og reise til kompisar rett frå legevakta! 




3 kommentarer:

  1. Så morosamt at du tek fram diktet til Helge Torvund. Eg har veldig sansen for dikta hans, og har også byrja kjøpa barnebøkene hans - dei likar eg særs godt. Eg bur på same tettstad som Torvund, og er tante til to av hans barnebarn ;) berre som ei 'fun-fakt'...
    Me ser lite til snø her, det er ikkje ofte snøen får liggja så lenge på Jæren... Holke, hardt føre eller kva det er - kos deg med det kvite ;)
    Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig, slike funfacts likar eg! I morgon skal det snø, men mildværet lurer vel rundt neste sving… Akkurat no er det 10 minus ute, godt med fyr i omnen og innetid!

      Slett
  2. åhh jeg er også glad i veden!! Mannen hogger og drar det hjem med traktoren, en kjærlighetserklæring til hele familien. Han bruker masse tid og krefter på å hogge ved hele vinteren, drar det frem på vårparten, kapper det på sommeren -og vi kommer med kaffe og kjeks i sekken og tar pause sammen med han, han legger det i paller på sensommeren og rydder det på plass i garasjen på høsten. Masse arbeid, hardt arbeid. Og vi koser oss med det hele vinteren gjennom. Fyrer og fyrer, gradestokken viser kaldt og inne koser vi oss i sofaen med pledd og ser på ilden blafre gjennom ovnsdøra. Om ikke det kan kalles hverdagsmagi og kjærlighet så vet ikke jeg:) snille mannen min!!
    Tusen takk for en tankevekker i hverdagen! Ha en flott uke! Jeg er klar for å ut, ut, ut og gleder meg til å se hvor mye ute-turer jeg får til denne uka:)

    SvarSlett