lørdag 3. januar 2015

Nyttårsforsett

Det er sesong for nyttårsforsett, ser eg. Eg brukar ikkje ha så mange forsett, heller ikkje i år. Men nokre planer om kva eg skal bruke året til, det har eg!

Idag har eg vore på ski, det gjeld vel berre så vidt når eg ikkje har bilete av det?! Men eg fekk meg ein fin tur, i tett snøvær, nesten utan løype og nedsnødd skog. Eg har allereie gått uendeleg mange fleire turar enn forrige vinter, og vil gjerne fortsette å gå på ski resten av vinteren. Og eg har lyst å klare anbefalinga om å vere aktiv 30 minutt kvar dag. Kanskje klarer eg det ikkje kvar dag, men i snitt? Eg greidde jo minst ein halvtime for dag i jula, så det burde gå resten av året også?

Kvit azalea får vere ei slags erstatning for kvit snø.
Det kan forresten vere eit forsett, å gå tur utan å ta bilder! Rett og
slett vere tilstades på turen! 

Eg har bakt brød idag, hadde suksess med det i jula, og det er jo veldig godt med heimebakt brød. Men eg har ingen ambisjonar om å bake alle brød vi treng, det krever si kvinne å rekke å kjøpe nok brød til to svoltne tenåringssoner… Men kanskje eg skal satse på å bake ein gong i månaden som ein start?!

Nybakte brød, klare for matpakker, frukostar og travle dagar
Eg skal blogge meir om bøker! Det er ein ambisjon og ei plan, som eg har hatt før… Eg har lese fleire gode bøker i jula, som eg skal tipse deg om! Og eg har lese bøker som er meir avslapping enn noko anna, dei kan eg og tipse om!

Elles er det jul i heimen enno, og det skal det få vere nokre dagar til. Juletreet drikk mykje vatn kvar dag, og mister få nåler, så iallfall til 13.dag jul, kanskje lenger. Det er koseleg med lysa på treet, stjerne i vinduet og litt englar her og der. Litt spesiell juletrepynt skal eg vise her. I år overraska ungane med å finne fram den mest spesielle pynten først, og sendte den rett ut på snapchat, så vi har faktisk hatt besøk som har kome for å sjå på treet vårt!
Alligator, kjøpt på Key West. Ingenting skaper julestemning som ein
alligator med hawaiiskjorte og ukulele!

Pingvin som har henta juletre. Søtare blir det ikkje!
Lenka med kuler i bakgrunnen har eg arva, det blir ikkje jul utan!

Heimesydd bestemorengel med håret i knute og
raude kinn

Ikkje så spesiell, kanskje. Men fin engel kjøpt på
jentetur i Østersund. 
Ein slags designenglar.
Nye av året, kjøpt på salg. 
No skal eg tenkje ut fleire gode forsett for det nye året, som skal vere lette å halde, og gje meg ei kjensle av å mestre livet!

4 kommentarer:

  1. Jeg har ingen forsett, jeg går alltid for hardt ut og greier ikke holde de;) Men det å blogge litt mer (sånn generelt for min del) kan jo være et greit forsett - har savnet turene inn på bloggen kjenner jeg.
    Og du; jeg digger juletrepynten din - den spesielle!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er slik spesiell julepynt som skaper tradisjonar!

      Slett
  2. Eg plar heller ikkje ha forsett, men dette året er eit unntak i mitt tilfelle..
    Me kan jo godt gjere mykje positivt for oss sjølve utan forsett, og dine planar verkar vera supre! :)
    Juletrepynten din hadde nok falt i god jord hjå systra mi; ho er glad i spesiell juletrepynt ;)
    Nyt snø, ski og gode turar....Her er det ingen snø, og ski har eg ikkje hatt på føtene sidan tenåra mine ;)
    Siri

    SvarSlett
  3. Jeg liker forsettet ditt om å være aktiv i 30 min pr dag. Jeg har noe av det samme, men det går mer på å være ute en time pr dag- og at jeg i løpet av den timen skal kunne bruke kroppen min og bevege meg det jeg klarer. F eks dra barna på kjelke, løpe om kapp med dem i skogen osv. Min største plan for 2015 er å søke og finne meg ny jobb.. det blir mest spennende!! Aner virkelig ikke hvordan jeg skal starte helt:)

    SvarSlett