mandag 26. januar 2015

Vekestart veke 5, om feiring, bilkjøring og kakebord

I helga har vi feira pappa sin 85årsdag. Når 85årsjubilanten er så sprek som pappa, er det ei fryd å treffast, lage selskap og feire!
Her er jubilanten, saman med mamma, ca 1971
Nesten alle etterkommarane kunne møte opp, berre nokre få var forhindra av skule eller sjukdom, så det var barn, svigerbarn, barnebarn, svigerbarnebarn og oldebarn, tilsaman 22 i talet som feira.
På fredag trur eg mamma og pappa var opptatt med å vente og ta imot gjester mykje av dagen. Folk kom frå nært til litt lengre unna.

På laurdag kom gjestane litt etter litt for å lage middag, pynte kaker, dekke bord, prate og til slutt var alle samla for fest. Vi åt god mat, vi sang(til og med fleirstemt) åt meir, nokre spela spel, lydnivået var høgt. Vi er ikkje så stive og formelle, så talar blir det lite av. Vitsing, gode historier, mimring om gamle dagar og andre selskap blir det meir av. Innimellom sov jubilanten litt, men det må vere lov(at han fekk det til, er ganske imponerande, vi tok ikkje akkurat hensyn)! Dagen vart slik den skal vere når vår familie møtast! Mange vil sikkert seie at vi hadde meir enn nok kaker, men det passar ikkje for oss å ha berre litt ser det ut til. Marsipankake må ein berre ha, kvæfjordkake er min spesialitet(og coocies er lett å lage) pavlova er spesialiteten til svigerinna mi, og slik fylles bordet opp...

På søndag skulle alle kome seg avgarde, samle saman klær, kakeformer, sko og ete restemiddag og restekaker. Det fine var at vi fekk vere saman då også, det var inn og ut med folk heile dagen(så vertskapet treng nok nokre dagar til å slappe av!)!  Medan nokre brukte tid på dette, gjekk andre(av barnebarngenerasjonen) på topptur med ski. Eg skulle gjerne ha rekt ein skitur, men den gjengen der fekk gå i fred for meg!

Eg er glad vi fekk til feiring! Fordi det er fint å få feire pappa, fordi det er flott å få møtast, vere saman, bygge bånd i familien. Eg grudde meg for biltur på vintervegar over fjellovergangar etc, men vi var heldige med været og turen gjekk godt. Eg grudde meg litt for å sette igjen 16åringen med skuleprosjekthelg igjen heime, men det gjekk strålande. Eg angra "litt" på at eg hadde sagt eg kunne lage gulasjsuppe til heile gjengen, men det gjekk godt med god hjelp frå søstrene mine.
Stort selskap krev store gryter

Vekestarten må vere noko farsrelatert denne veka, syns eg, og kva er vel betre enn litt av eit dikt av Aasemund Olavson Vinje:

At far min kunne gjera
det gilde han hev gjort
og fram i livet bera
so mykje gjævt og stort,
det var frå dag til annan
for meg so god ei stød:
Stor arv det er for mannen
av godtfolk vera fødd.
Den finsate utsikta, med snøfrie markar og snøtunge fjell
Eg ønskjer deg ei strålande veke!

3 kommentarer:

  1. Hei, og gode ønskjer til den nye veka til deg òg!
    Det høyrest ut til å ha vore ei minneværdig helg. Eg held ein knapp på det uhøgtidelege - ingen talar kjem frå min munn ;)
    Siri

    SvarSlett
  2. Så flott og minnerik helg for dokke alle!
    Slike dagar/helgar er GULL verdt!

    SvarSlett
  3. Så herlig feiring, og det høres ut som dere er en herlig uformell gjeng som samles! Det er slik jeg liker ha det:) Ta vare på helga og ta den med deg langt utover i uka. Slike dager lever vi lenge på:)

    SvarSlett