onsdag 1. august 2018

August

Idag tidleg, då eg skulle skrive dagens dato for første gong idag (det har vel vorte minst hundre gonger etterpå) måtte eg konsentrere meg, for det er jo august!
August er min fødselsdagsmånad, i år blir eg 50 år, og det kan jo gjere nokon kvar litt tankefull. 50 år er mange år, og eg forstår nesten ikkje at det er meg.

August er skulestartmånad og på ein måte ein ny start, ein start nr 2 i året. Ein junior fortsett på studia sine, andre år av 5 år med studier, lesning, stadig nye vennskap og med ei solid utdanning som gevinst. Og berre han finn seg hybel no, så er den detaljen på plass også... (noko seier meg at det er meir stress for mor enn son) Yngste junior tek eit år til med folkehøgskule, med meir fokus på musikk. Truleg mange nye vener, og nokre blir med frå i fjor. Han skal berre gjere ferdig sommarjobben, og så er han klar med fullt fokus.

Eit heilt malplassert bilde av ein leg i kornåker som eg møtte i går!
Elgen veit nok at det er ei stund igjen til jakttida...
Evt er han på veg til å melde seg opp til nokre fag på univeritetet, vi trur
kanskje han skal lese kinesisk kunsthistorie? 

Og eg kom på at idag er det 25 år sidan eg for første gong gjekk inn dørene på jobb som ansatt. Ung, veldig spent, uerfaren, litt naiv med tanke på alt eit arbeidsliv kan gje av overraskingar. Eg har lært mykje! Om jobben, naturlegvis, men også om at det andre det handlar om når ein er på jobb. Samarbeid, og mangel på dette, reglar, formelle om det heilt konkrete og uformelle om fylling av oppvaskmaskin, lunsjfellesskap og latter og gråt i det daglege. Jobben har endra seg mykje, eg gjer heilt andre ting no enn for 25 år sidan, då eg starta hadde vi ikkje datamaskiner! No kan vi vere 40 stykker i lunsjen, vi var 10 stykker som åt lunsj til 3 ulike tider for 25 år sidan. Den gongen kunne røykarane ta seg ein blås i lunsjen, no må dei ut til eit lite skur på parkeringsplassen. Nokre kollegaer har eg hatt i 25 år, nokre har jobba nesten like lenge som meg, og mange har kome og gått. Eg har i løpet av tida gått frå å vere ung og grøn, til ein erfaren ringrev, men det er så rart at eg prøvar bløffe på meg litt uforstand innimellom!

Lysglimt i skogen

Enno er det ferietid på jobb, men det blir oppstart der også etterkvart, når alle er tilbake og vi skal i gang med møter og planer og alt som høyrer hausten til.

Vi planlegg feiring for vener frå fjern og nær i slutten av august, det krever si dame(og ein tålmodig mann), sjøl om no er dei ytre rammene på plass, og vi landar truleg på beina denne gongen også?!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar