søndag 12. august 2018

Urkvinnen

Min indre hamster elskar hausten! Det er nok urkvinna i meg som slår til, og tenkjer at vi må hauste medan det er noko  å hauste. Før i tida var det lite REMA og Kiwi å få hjelp hos utpå vinteren (det er litt dumt at ho ikkje ser forskjell på nyttig og mindre nyttig, det er lett å få tak i klær på vinteren no for tida. Og serviettar, blomstervaser etc, det blir ikkje brukt opp på same måten som bær og annan mat)

Idag har eg vore på blåbærtur, fann ein knaus med masse bær. Måtte gje meg då alt eg hadde tatt med for å plukke i var fullt. Regnet kom ikkje før eg var nesten ferdig å plukke og det var stille og fredeleg, det er fordelen med å gå langt inn i skogen før ein startar å plukke (men det er litt skummelt å gå alle bakkane ned igjen, for tenk om eg snublar? Heldigvis har bøtta lokk og eg heldt meg på beina!) Eg møtte nokre få andre som var ute i same ærend, og då snakkar vi litt om bærhausten og i vage ordelag om kvar vi har vore "Joda, det er masse bær, når du går innover. Litt sånn bak der, kanskje det er bær der? Eg var ikkje der altså, men meir over slik" Det går eit skille i skogen på kvar du byrjar å prate med dei du treffer, ikkje berre nikkar og mumlar hei. Det er heilt fasinerande, for etter ei flate og opp ein bakke, så snakkar alle. "Vått på myra idag", eller "lite folk ute, endå sola skin" og "du skal på bærtur, ja?"

Vel heime fekk eg hjelp til å renske og no har eg sylta over 2 kg bær. Det blir fint å ha til vinteren! (men urkvinna veit det er meir der ute...og lurer på når ho kan ta ein tur til) Frysaren er snart full av bær, for vi har sylta jordbær og bringebær tidlegare i sommar, og eg har fått lovnad på å plukke rips. Snart er det tytebær også, og det er noko av det kjekkaste å plukke.


Til dessert hadde vi blåbær og vaniljesaus. På blåbær skal det være raust med sukker, og vaniljesaus. Det er smaken av seinsommar og sjølvplukka bær og litt mørkare kveldar på hytta. Vaniljesaus vart laga av sausepulver og tørrmjølk, for på hytta var det rasjonering på mjølka, det var langt og tungt å bære, men vaniljesauspulver og tørrmjølk kunne fraktast fram på snøscoter på vinteren og brukast utover sommaren. Kanskje var det stekt fjellfisk til middag også, med potet, gulrot og rømme, akkurat slik det skulle vere ein laurdag på hytta? For garnfisket er betre når nettene blir mørkare, det veit alle.


Det er rart kva ei skål blåbær kan få fram av minner.

2 kommentarer:

  1. Mannen og jeg er en dårlig kombo der. Jeg er veldig glad i blåbær, men jeg er ikke glad i å plukke bær. Mannen er ikke spesielt glad i å spise dem, men han liker godt å plukke. Så langt høres det bra ut... Men, ingen av oss kan fordra å rense bær! Derfor plukker jeg for hånd og får bæra ferdig rensa. Det gidder ikke gubben! Og etter som han ikke har til hensikt å spise bæra, så orker han heller ikke å bruke timer på rensing... Så der står vi...

    SvarSlett
    Svar
    1. Den renskinga er eit problem! Elskar å plukke, men så er det kjedeleg! Fekk hjelp i helga, så då gjekk det greit.

      Slett