torsdag 26. april 2018

Ny telefon og overføringsproblem

Eg er bortimot heilt avhengig av mobiltelefonen. Eg brukar div apper, Instagram, Facebook, Snapchat, eg er avhening av nyheiter på nett, eg brukar Vipps+++ Eg veit mange høyrer musikk, men det gjer ikkje eg, men radio, det er fint! Messenger, meldingar, mail. Og innimellom brukar eg den til å ringe med også :)

Min trufast Samsung, med rosa deksel, byrja få hikke. Eg syns ikkje den var så veldig gamal, man den kan ha hatt eit slitsomt liv? Innimellom åt den opp batteriet på to timar, den slo seg av, den hang seg opp. Eg fekk ikkje alltid til å ta den når den ringte. Det byrja nærme seg krise!

Omtrent samtidig fekk vi tilbod om tenestetelefon på jobb. Spenninga var om den rosa ville halde heilt fram. Det gjorde den. Spenninga var og om eg fekk overført alt til den nye telefonen. Eg kan vere ingeniør så mykje eg vil, eg likar ikkje den type ingeniørarbeid! Eg brukte ein kveld på å leite etter korrekte epostadresser og passord, koder og slikt. Alt har jo passord, og det skal vere unike passord... det krever si kvinne å huske(og halde orden)

Den dagen telefonane kom på jobb, var det mange spente folk. Heldigvis var det tatt høgde for problem, og vi hadde tre proffar til å hjelpe oss! Vi ville jo greie det sjøl, det ligg vel innbygd i dei fleste av oss? Samtidig gjekk vi aldri langt unna området der hjelparane satt. Undervegs var det mange hurrarop når vi greide å starte telefonane på eiga hand, ein del brumming og stygg mumling når ting ikkje gjekk vår veg. Og febrilsk leiting etter ein proff når vi ikkje fekk til ting! Og då eg skrytte stolt på melding til sonene over alt eg hadde fått til, kremta den eine proffen diskret og lurte på om eg ikkje hadde gløymt det han hadde gjort?!

No, etter nokre dagar, går det meste greit. Eg har fått igang både den eine og den andre appen, også dei med passord. Det har krevd litt innsats, men no trur det meste virkar, unntatt dropbox, difor er det litt lite bilder i dette innlegget:) Eg må altså jobbe litt til med den.

(og den rosa telefonen har vorte restarta og oppgradert og kva veit eg, av ingeniørstudenten, og har fått eit nytt liv medan han ventar på den nye telefonen sin)

1 kommentar:

  1. Jeg kjenner til den der, man tror liksom man husker det meste og så bare.... men atte??? Gratulerer med ny telefon!

    SvarSlett