tirsdag 3. april 2018

Veke 13

"Den stille uke", med jobb, og påsketur til Romsdalen.


Måndag, og jobb. Påskeegget på jobb var på mystisk vis alltid fullt! Det er krevande for meg med dårleg impulskontroll på godterieting... Denne frosken inneheldt nok ca 100% sukker itillegg til 50% kunstig farge og 50% kunstig smak :)


På tirsdag hadde eg frisørtime. Den siste før frisøren tek mamapermisjon. Det må ho få lov til, men eg gler meg til ho er tilbake. Dette er det eg fekk då eg kom heim: Ytrefilet av elg, potettimbal og bønner med solsikkefrø og bacon. Slik går det når mann og son les kokebøker det meste av dagen og lagar middag til eg kjem heim frå frisøren!


Onsdag reiste vi til Romsdalen, etter jobb og  båtpuss og klesvask og rydding og diverse anna. Over Dovrefjell fekk vi solnedgangen.


Skjærtorsdag gjekk karane mine på topptur. Eg gjekk berre litt oppover. Dessverre var det skare, og eg bar skia ned igjen. Eg treng fjellski med stålkanter! Skal snart ut og kjøpe, slik at eg er klar til neste påske. Men det var ikkje så verst i ein solvegg på ei seterbu, der eg drakk varm saft og åt matpakke.


Langfredag gjekk dei yngste karane på nok ein topptur, medan mannen heldt meg på selskap på lang gåtur. Det er mange fine fjell å sjå på fra lavlandet også!


Påskeaften var det både rett dag og rett dato for mamma og pappa sin 62-års bryllupsdag! Det er det all grunn til å feire. 18 stk, vi var eit utval barn, barnebarn og oldebarn. Det var kaker og lefse og vaflar og det vart akkurat nok. Etterpå vart det kveldsmat. Det var ikkje stille! Heller ikkje då nokre av oss spela spel til slutt. 


Første påskedag var det ny skitur. I det terrenget som for meg er det ekte påskefjellet. Det var ikkje så bratt, men det var minst like mykje skare! Og det var sol! Sol og nesten skyfri himmel. Eg gjekk og gjekk, eg drøymer framleis om fjellski. Eg datt ikkje, eg var innom hytta, eg møtte kjente. Eg kosa meg!

2 kommentarer:

  1. Romsdalen ser helt fantastisk ut! Jeg har virkelig lyst til å reise dit, ikke noe mindre nå!

    SvarSlett