søndag 18. mars 2018

Ut av komfortsona (eller komfortsporet om du vil)

I haust, den første dagen det var antydning til snø i lufta, kjøpte eg nye ski! Vi snakkar seriøst impulskjøp!
I fjor hadde eg gnagsår heile vinteren, kvar gong eg gjekk på ski, fekk eg såre hælar, enten eg hadde plastra eller ikkje, så iår ville eg ha nye skisko. Og sidan skoa var gamle, måtte eg ha nye bindingar til nye sko (for bindingar til dei gamle skoa er det visst ingen som sel lenger), og då vart det full pakke! Ski, sko, bindingar. Impulskjøpt ein heilt vanleg kvardag.
Eg gjekk på spesialbutikk, og sa at "eg skal ha ski!" Eg vart intervjua og målt og vegd (For tyngde er viktig for spenn og glid og feste, har eg lært. Ikkje lurt å lyge der altså) og eg fekk eit pakketilbod. Ikkje så på tilbod heller... Men altså felleski. Det nye, hippe, som alle har. Og eg var tidleg ute! Eg er SÅ fornøgd! Eg har gått og gått heile vinteren. Eg har kosa meg timevis på tur! Eg har ikkje angra ein gong. Ikkje har eg hatt gnagsår heller, det hjelper på humøret.


Og for ein vinter å kjøpe nye ski! Det har jo kome jamnt påfyll med snø. Løypene har vore preparert og klare nesten kvar dag. Det har vore sol stadig vekk i helgene, og mannen har vore tålmodig og fulgt med på tur.
Det er jo klart artigare å gå på ski med godt utstyr, men det blir endå betre av gode løyper og bra med snø. Is i løypa, særleg i nedoverbakkar, er ikkje noko for meg!









Men å gå inn på ein slik butikk... Eg syns det er litt skummelt! Eg kjenner meg vurdert. "Skal den dama der ha ski? Kvifor trur ho at ho treng slike ski? Kanskje vi skal prøve å finne noko heilt anna til henne? Ho ser ut til å vere ei slik sakte-dame". Og det er eg jo, i forhald til mange, men eg er ofte på tur (og har pengar til brukbart utstyr) og vil ha noko som virkar!

Mykje vil ha meir. Så no er eg der igjen. For eg har lyst på fjellski.


I 1993 kjøpte eg fjellski, med stålkanter. Og sko til, naturlegvis. Trur dei kosta omtrent 3000 kroner. Noko har skjedd i åra etterpå. Ski skal ikkje vere så lange lenger, mine er nesten 2 meter. Fotblada mine har endra seg, så skoa passar ikkje så godt heller. Og det er feller som gjeld her også. Eg har lese om det, kortfell til å legge på og ta av. Og langfell til å gå topptur med. Trur eg kan spare dei pengane inntil vidare. Og breie ski og smale ski, alt etter om du skal kjøre mykje i pudder ned frå dei toppturane. Trur ikkje eg treng så breie ski, enno. 
Så no har eg lyst på nye fjellski. Passe lange, med stålkant, nye sko. Dei skal passe til meg! Eg skal ha ski som passar til mitt bruk. Eg trur ikkje eg kjem til å gå på mange toppturar, men eg vil kunne gå utanfor oppkjørt løype. Og eg må ha noko stødig på tur ned igjen.

Eg må altså på ein slik butikk igjen. Vi prøvde denne veka, men eg er usikker på om dei tok meg på alvor. Då mannen også kom, snakka dei brått berre til han. Forsåvidt greit, for han kan litt meir, men dei kunne vel spurt litt meir kva eg skulle bruke dei til?

Eg må lese litt meir, lære meg nokre proffe ord og ta ein ny tur på skibutikk. For når påska kjem, snøen ligg der og eg har tid, då skal eg på ski!


2 kommentarer:

  1. Da tar du ut masse kontanter, og neste gang noe slikt skjer så later du som om du var villig til å betale og så går du!

    SvarSlett