fredag 9. desember 2016

9.desember

Eg les litt her og der, og i dag var eg innom Glamourbibliotekaren sin adventskalender. Ho skriv om blomster idag. Då fann eg ut at det kan eg gjere også! 
For blomster og desember, og særleg jul, høyrer saman.

Svibel er vel juleblomsten over alle for meg. Trur eg har hatt den i hus i alle år sidan eg flytta frå heime. Eg har prøvd den i svibelglass, der den har ein lei tendens til å velte, då blir det søl og rot og ikkje så kos lell. Eg har hatt den i potter og i år har eg planta fleire saman i ei stor glasskrukke. Litt mose og litt pynt og det blir jul! No er den i ferd med å starte blomstringa, og eg er spent på om eg må flytte dei ut snart på grunn av lukta. For lukta er både den aller beste og den aller verst, det er best i små mengder. Den minner meg om advents- og julebesøk på aldersheimen der tante til mamma budde då eg var lita. Der var det alltid sviblar i blomst rundt jul.
Adventsblomt på adventsduk


Amaryllis er noko av det finaste eg veit til jul! Alltid like spennande å kjøpe ein løk der det såvidt stikk fram noko grønt, og så blir det ein stor, mektig blomst. Og det skjer stort sett uansett kva eg gjer, mykje eller lite vatn, varmt eller kaldt, lyst eller mørkt, blomster blir det (det er jo det samme med svibel, men den blir ikkje like imponerande) Amaryllis har ein tendens til å bli topptung, og eg har plukka den opp fra sofaen når den har velta ned av ei hylle... Men den er like fin om du kuttar den av og sett den i ein vase, lenge står den også! Og dersom du stikk oppi ei grein med granbar eller litt eine, blirdet ein liten juledekorasjon utan særleg styr. Skikkeleg vinn-vinn-blomst som passar godt inn i mitt hus.
I år har eg fått pengar av mamma og kjøpt denne fine amaryllisen.
Det viste seg den var raud, ikkje kvit som eg trudde. Men raudt er fint
til den fiolette adventsfarga!
Til slutt har eg spara ein blomst som eg har brukt mykje tid på det siste året: Azalea. Dei som følgjer meg på Facebook og Instragram, har vorte spamma ned med planta eg kjøpte sist jul, for den har overlevd og blomstra på nytt, frå slutten av april til no! Slå den!
No heng det berre ein liten blomst igjen, og eg lurer på om den skal få juleferie, eller om eg skal prøve å halde liv i den utover våren? Eg har ikkje kjøpt ny til jul enno, men det fristar å prøve ein ny runde!
Her er den i november
(Og den som ser godt etter på bildet av amaryllisen, ser at ute står det ei gravemaskin. Idet siste har vi hatt ei gravemaskin bak huset, som har bygd opp att hagen etter diverse graving av kloakk og ein del vegendring og bygging av støymur. Framom huset, i gata der vi kjører til og frå huset, grev dei også ny kloakk til dei som ikkje fekk ny på baksida av huset... Det fører til at vi av og til ikkje kjem fram til huset og må drive adhoc-parkering hos ulike naboar. Saman med rekordmykje nedbør til no i desember og leiregrunn, har det vorte veldig skittent ute og inne! Yttergangen er full av sko tunge av leire, og golvet snakkar vi ikkje om... Det er kanskje lov å håpe at dei blir ferdige til jul, eller på tørt og kaldt vær?)
Og vi kan berre kjøre oppover, for nederst i gata har dei rett og slett grave eit
stort hol tvers over heile vegen, og det skal visst vere der til alt anna
er ferdig...

1 kommentar: