torsdag 8. desember 2016

8.desember

Igår mimra eg om julekalenderar på tv, og då kom eg på nokre andre minner også. Nemleg juleverkstad! Det var fast post i adventstida. Eg kan nesten kjenne lukta av skolelim og strie... Det kunne vere enkle ting som å lage julepynt. Eg trur eg slo til og broderte skeive korssting på små dukar ei jul. Meiner eg satt på rommet mitt og høyrte julemusikk og broderte og kjente meg svært nyttig!
Eg vil tru eg såg ut omtrent som dette...
(bilde frå epla.no)

Eg var heldig og hadde ei storesøster med mange idear og langt tålmod! Så saman laga vi forskjelleg eg kan huske å ha gitt bort. Eit år lima vi bomull på syltetøyglas, laga ei kule til hode på toppen og vips har du ein snømann som kan fyllast med godteri og gis i presang til onkel eller bestefar. Vi har laga klokkestrengar av strie med figurar av filt(og lukta av striestøv kan eg kjenne berre eg tenkjer på det!) Det var vattkuler og ispinnar involvert, og det vart både englar og nissar. Fine ting som mottakarane takka fint for og som ga meg trua på at eg kunne dette med heimelaga gåver. Den gongen tok ein ikkje bilder  i hytt og vær, så dette er ikkje lagra anna enn  i minnet. Kanskje like greit.

Eg hadde ein periode litt seinare der eg dreiv mykje med teikning og maling, og eit bilde eg ga bort, har eg faktisk fått tilbake -med ramme! Det er ganske koseleg å tenkje på at onkel laga ramme til bildet han fekk av meg.

Då ungane var små hendte det vel at vi laga julegåver, men det var noko med tålmodet til mor...

No lagar eg ikkje mykje gåver sjølv, eg er full av beundring over dei som strikkar vottar og sokkar og broderer dukar, slikt er jo så stas å få!
Men eg lagar gåver du kan ete opp, julekaker, kvekkebrød, kjeks, marmelade, konfekt, leverpostei. Tomatsild og surslid er også fine gåver, men kanskje ikkje så egna å legge under juletreet? Eg syns det er kjekt å få heimelaga gåver som kan etast, og håpar andre syns det samme!
Idag luktar det skikkeleg førjul i huset, for sylteflesk av gris, fylt med masse gode krydder har stått til kok i mange timar. Snart skal det leggast i press, og i morgon skal det delast i bitar og frysast ned. Kanskje er det nok til ei gåve eller to til nokre utvalde?
Dette burde vore ein blogg med lukt...

2 kommentarer: