søndag 14. august 2016

Vekestart veke 33

Ferietida er offisielt over. I morgon også for husets yngste. I morgon startar han på siste året på videregåande. Når skjedde dette? han brukte då ikkje vere så stor... Han er lite lysten på lekser og tidlege morgonar, men gler seg nok innerst inne på mykje lærdom om favorittsysselen musikk!

Men no blir det meir rutine på alle, og det krever instramming -for alle- på soving og ikkje minst stille vekkeklokka. Kjøleskapet og brødboksen må ha ei vis grunnutrustning til ei kvar tid. Det hadde vore fint med middagsliste. Vi får sjå...
Det er meldt sommarvær igjen, etter ei veke med grått og regn. Det blir ein liten sommar igjen! Tid til litt meir samling av solvarme i kroppen! Det blir bra for fleire ting, som bærplukking. Idag har vi ete blåbærpai, med sjølvplukka blåbær.

Full konsentrasjon og innsats!

Igår var vi på musikkfestival, ein liten sjarmerande festival i ein hage! Eg kjente litt på #min_indre_hipster, eller iallfall var det ein del andre der som var kulare enn meg. Vi høyrte junior spele saman med bandet han spelar i. Og vi fekk med oss litt anna musikk, mykje fint og heilt anna enn det eg brukar høre på. Ein kjekk konsekvens av å vere musikkmamma!

Bildet lyg, det var godt med bølger!

Og det er lettare å kome seg ut på tur når det er sol. Kanskje blir det gode tider for segling også? Vi hadde eit tur i litt frisk vind idag, iallfall friskare enn vi hadde tenkt. Men vi kom i land tørre og som vener, full av ny kunnskap(særleg eg). Det er noko med styring av båt i bølger, vindstyrke og mengde segl som skal opp og ned, vindmelding som ikkje er  heilt korrekt... Vindretning i forhald til retning på fjorden, beskjedar som blir gitt, men ikkje forstått etc. Men som sagt, vi får det til og blir betre og betre, så gode at mannen byrjar mase om at eg må lære meg å legge til kai. Det er eg slik i teorien einig i, når det kjem til praksis er eg litt meir usikker.

AUGUST

Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste
Ønskjer deg ei god veke!

5 kommentarer:

  1. Jeg elsker august! Den er starten på min favorittårstid. Jeg elsker lukta av modent korn og blir lykkelig når Tore kjører treskeren ut på jordet nedenfor oss. Jeg synes det er deilig at det er godt å ha på jakke i skyggen. Det jeg liker best med høsten er at alt vær er fint vær! Høy, knallblå himmel og ruskevær med vind og regn er like bra begge deler, det er bare forskjellige ting som kan nytes til de ulike værtypene.

    Og så er jeg veldig glad i hverdagene, selv om det betyr at jeg må stå opp tidlig hver dag igjen... (Gjeeesp!)

    Ha ei fin uke! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er ikkje så glad I å ta fram jakke igjen, men når dei mørke kveldene kjem og kvardagane lurer seg innpå, er det godt. August er både slutten på sommaren og starten på hausten, det er ein ny start, det gjer godt!
      (Og sjøl om detter er 5.veka etter ferien, er eg framelske trøtt!)

      Slett
    2. Huff, ikke snakk... Har intensjoner om å legge meg litt tidligere på kveldene i år enn jeg har gjort før... Haha!

      Slett
  2. Legge meg tidlig, tenne lys, varm te, bok.... høsten bringer mange gleder!

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, det blir fint med pledd, levande lys og god bok! Men eg takkar ikkje nei til litt meir sol og varme.

      Slett