fredag 10. oktober 2014

I dag

Idag gjekk eg (litt) tidleg frå jobb. Eg la ei plan for ettermiddagen. Eg hadde handleliste og spurta gjennom butikken på veg heim. Eg sendte melding til resten av familien, som var 1/3 heime(tenåring2), 1/3 på jobb(mann) og 1/3 på ukjent stad(tenåring1), og fortalde at det vart sein middag.
Eg skifta til turklær og tok det vesle grønne lynet(=bil#2) Her mista eg litt av framdrifta i plana mi, for ikkje berre var det lite bensin, varsellampa blinka, som på ein måte er siste varsel før det er full stopp. Altså måtte eg innom bensinstasjonen, etter å ha kjørt med hjartet i halsen i fredagsettermiddagstrafikken…. Det gjekk bra, men skuldrene var høgt over ørene.
Tilbake i flyten og plana for dagen, kjørte eg til skogen. Eg lukka jakka, og byrja gå. Mors eige motbakkeløp, heilt åleine. Etter fem minutt såg eg ingen andre lenger, det var skog, sti, trær, lukta av haust, ein og anna fugl. Ei raud tyttebær eller tre som måtte plukkast. Sti over ei våt myr. Ein vatn som var som ein spegel. Bakkar ned igjen som var så lette at eg måtte springe litt.
Tilbake ved bilen var eg svett, varm, skuldrene var lave og pulsen var høg. Eg kom heim og laga middag, resten av familien dukka opp, vi fekk eit triveleg måltid saman.

Og eg har ingen bilder frå turen, for eg gjekk tur, eg tok ingen bilder, eg sjekka ikkje facebook eller instagram. Det var godt, det og!

2 kommentarer:

  1. Hørtes ut som en helt herlig opplevelse! I går hadde jeg en så travel dag at jeg holdt på å miste hodet oppi all bilkjøring og små og storebarns-bråk at da jeg fant puta i går kveld var det følelsen av en strøm bier i hodet mitt og at jeg besvimte sånn midt i en tanke tror jeg.. i dag skal det bli en roligere dag, Kjenne roen, freden, flyten.. vi skal bruke alle midler for å få en rolig dag, både barne tv, kakaokopper og kjøkkenbordet, skravle oss gjennom dagen og kanskje bake noe godt:) Ha en flott søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg blir meir og meir avhengig av pauser og tid for meg sjøl. Eg har ikkej små ungar lenger, men jammen krever det si dame å ha tenåringar og… Igår var det inn og ut av huset i eit renn, stadig nye planer og plutseleg besøk og dsikusjon om innetider! Har gått tur i dag og :)

      Slett