søndag 14. april 2013

Overlevingsguide for konfirmantmødre (vekestart veke 16)

Føler det er på sin plass å skrive om vårens vakraste eventyr idag: Konfirmantmødrene!!! Og eg er ei av dei...

Dei er eventyrlege i all sin fantasi om kva som MÅ gjerast før konfirmasjonene, og er du heldig så ser du henne i selskap med konfirmanten, i ferd med å velge ut serviettar til den store dagen. Konfirmanten, det er han lange, med kviser, som ikkje er interessert. Og når mor spør om dei ikkje har hortensia i ei litt anna blånyanse, for å matche serviettane, er konfirmanten i ferd med å bli ein kameleon, og sakte forsvinne ut av butikken.

Eg har gjort øvinga "konfirmasjon med langt tilløp" før, og skulle kunne det. Likevel kjenner eg stresskodda for augene og nye, uante problem dukke opp. For to år sidan var vi så vidt ferdige med å bygge på og pusse opp, eg var glad vi hadde gulv i stova og lister i gangen. Eg har feira 40årsdagen min, utan å vaske i bestikkskuffa, det gjekk bra. Vi har hatt barnedåp, men i ammetåka var eg truleg berre glad eg kom inn i bunaden. Likevel tenkjer eg på om det er rotete på loftet, skittent kjøleskap, om hybelkaninane lyder namnet sitt og om det er brødsmular i kjøkkenskuffa.


Bunad, ja... den er trang, den er det mest upraktiske plagg for å være vertinne i, sjølv med tilnærma stålkontroll. "Øhhh, sølvskeiene la eg på ein lur plass etter å ha pussa dei...". Det er ikkje sikkert det blir bunad i år, dersom ikkje pre-konfirmasjon skulle føre til ein uplanlagt slankekur.
Klær er eit tema for konfirmanten og. Er det berre eg, guttamamma, som meiner det må vere enklare med jenter og bunad? Innkjøp av klær til guttekonfirmanten må førebuast i god tid, slik at han er mentalt førebudd på å gå i butikkar. Det er jo bortkasta tid! Og ein må ikkje kjøpe kleda for tidleg, gutar i denne alderen veks dei fort 10 cm i høgda og blir breiskuldra over natta... Hurra for dei som jobbar i slike butikkar og kan språket til begge generasjonar og leier ein forsiktig fram mot målet: "Det slipset var fint, det passa godt, syns du ikkje?" Eit blikk på konfirmanten, og så eit lite spørsmål om han vil prøve noko anna, kanskje.

Mat må ein ha, og eg lærte sist at dersom nokon vil bake kake så seier ein JA. Snille venninner, gode kollegaer og snille naboar som kjem og tilbyr hjelp med kakebaking, det er gull, det gjeld berre å tørre å spørre om kva dei skal bake(så slepp ein ende opp med 3 "verdens beste") Dei siste dagane før selskapet skal ein tross alt vaske vindu så dei blir så blanke at ein kan spegle seg i dei, kakebaking er godt å sleppe. Ein skal rydde alt laust ut av kjøkken og stove og inn på soverom og kott, slik at det ser ut som om huset er minimalisisk innreidd og ein har plass til gjestane. (så er det litt jobb etterpå å finne igjen alt som er rydda bort, slikkepott? Det har eg ikkje sett sidan sist veke) I tillegg må ein vaske i skuffer og skap og rydde kjellarboda, for ein veit aldri kvar gjestane har tenkt seg! Det einaste gode med det er at det iallfall er ryddig etterpå.
Dette er eit typisk før-bilete

Å finne ein guttekonfirmant med langt hår, har eg gitt opp...

Og eg har bestilt middag, eg skal ikkje ligge våken og fundere på om det er nok med 1 liter saus pr person og kor mange potetar skal ein rekne pr mann, 5 eller 8? Men cateringmannen roa meg ikkje akkurat: "Ja, no er det berre tida og vegen, ikkje lenge igjen no nei, jaja!" før han skratta godt! Så eg har bestilt ein porsjon pr mann, om dei er 14 mnd eller 83 år, då må det bli nok?! No har vi sett over lokalet der vi skal ete middag, det er både bord, stolar og servise der, så det ligg an til å gå bra. Eg skal ikkje skrive noko om kvite dukar som skal strykast, det finns mykje fint i papir. Så då er det berre bordpyntinga igjen, den skal jo berre vere enkel og stilfull, tilfredstille mors esteiske sans og spegle konfirmanten si personlighet! Ikkje mindre...sukk! Mor er heldigvis enkel i estetikken og konfirmanten bryr seg vel berre delvis så lenge det ikkje er rosa!


Når alle desse små detaljene er på plass, kan ein byrje å tenkje på underhaldning og høgtid på den store dagen. Tale? Ein liten bildepresentasjon, kanskje? Alle andre har truleg full orden i bileta sine? Alle papirbilder i kronologisk rekkjefølge i album, og dei digitale i mapper med namn og forklaring... Vi og, naturlegvis, det er berre tilfeldig at vi fann nyfødtbileta av konfirmanten midt inni noko anna, frå lenge før junior var født. Det er iallfall lurt å kikke på dette litt før dagen før, som ein note-to-self. Sang er jo kjekt, vi tek den på det gule arket først. Men aller først må sangen skrivast, også det er lurt å starte med litt meir enn dagen før. Godt konfirmanten har ein far som er betre på rim og rytme enn mor er, det blir fort mange stavingar i siste linje for å få det til å gå opp når mor er i sving :)

Grunnen til alt stresset er naturlegvis at eg ønskjer at dagen skal bli best mogeleg for hovedpersonen!! Men kanskje han blir like glad om ikkje mor får høgt blodtrykk?

Heldigvis har eg ein roleg mann, han seier vi har kontroll, vi har tross alt konfirmanten på plass!


4 kommentarer:

  1. Er glad jeg er ferdig med dette! Samtidig er jeg tilhenger av at "det enkleste er ofte det beste", så blir nok ikke vasket/ryddet i kjellerbod eller alle skuffer på kjøkkenet når jeg setter i gang med noe...(dessuten da jeg hadde konfirmant ble dagen feira 60 mil hjemmefra, sammen med min søsters sønn som, og slapp unna en del da også...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur eg er ei enkel sjel, men det viser seg å vere feil... Det blir litt husmoreksamen! Og eg gløymte heilt å skrive om rydding ute, blomster og flagg.

      Slett
  2. Kjenner jeg bør begynne å forberede meg, Eir er jo tross alt snart sju!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er nok lurt å berje snart, ja! Men du kan nok vente litt til med vindusvasken :)

      Slett