mandag 20. august 2012

Pludreblogg

Altså ikkje å forveksle med pudderblogg, eller rosablogg som det og blir kalla. Eg har lurt litt på kva slag blogg eg har, for det finns jo så mange katergoriar, det er rosablogg, mammablogg, matblogg, interiørblogg, fotoblogg, bokblogg, og sikkert mykje meir som er høgtravande og klokt og kallast fagblogg eller meiningsblogg.  Eg er ikkje heilt der... og eg kjenner meg ikkje igjen i nokon av desse merkelappane.
Eg er kanskje litt av kvart og litt av alt, og difor trur eg at eg seier eg har ein pludreblogg!
Hadde eg ein interiørblogg kunne eg spesialisert meg på blomservasar?

Eg kunne hatt ein turblogg og skrive om mine barndoms fjell, her representert ved Ølsnøsa og Herjevatnet.

Men skoblogg, det kunne eg hatt! Desse gjer kvardagen ein touch av glamour ;)
Det er forfattaren sjølv som har vind i håret!

Hådarbeidsblogg kunne eg kanskje hatt, det mangla ikkje på prosjekt iallfall...

Eller matblogg? Tenkjer eg fortsett å pludre :)   





5 kommentarer:

  1. For all del - fortsett å pludre.
    Jeg pludrer hele tiden, i min egen pludreblogg, og er viden kjent under mitt alter ego :-)
    Personlig går jeg fort lei av blogger som holder seg strikt til ett tema.
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  2. Jepp. Akkurat sånn er det for meg også. Skriver om alt og ingenting. Prøvde meg på en sånn temablogg en gang, men fikk prestasjonsangst etterhvert. Måtte jo stadig finne på noe nytt om akkurat det samme....:) Nei, la oss pludre i vei!

    SvarSlett
  3. Takk for at de er innom og kommenterer, det likar eg!
    Sånn forresten, så kunne eg vel skrive mykje om bøker, men bokblogg blir også for snevert!
    Pludring beskriv godt det eg driv med, på ein måte;) Men kven veit, plutseleg blir eg seriøs på bloggen!

    SvarSlett
  4. Liker godt denne pludrebloggen din! Tror det blir den viktigste bloggkategorien etterhvert, jeg...

    SvarSlett