søndag 9. august 2020

Søndag kveld

Frukost i det fri
Søndag kveld er ofte litt vemodig, det er slutt på å sove lenge, gjere som eg vil, la humla suse... Det er tilbake til vekkeklokke og matpakke. No burde jo ikkje det komme som ei overrasking, sidan det skjer kvar veke, men mykje vil ha meir, og det har nettopp vore sommarferie.

Men idag sette eg meg i sola og tenkte tilbake på veka som gjekk, og fann mange gode ting som godt kan huskast på, og kven veit, kanskje blir neste veke slik også?!


Klassisk sommarbilde
-barbeint i graset-
  • fredag var det sol og varmt, skikkeleg sommar og bikini og shortsvær. Alle måltid ute, klestørk og tid til å lese bok.
  • laurdag gjekk eg tur. Eg viste kvar eg starta, eg viste kvar eg ville, men mellom der måtte eg lese kart og finne fram sjølv. Det gjekk bra, det var sol og varmt, eg hadde stilletid åleine i skogen og eg fann multer og blåbær. (muleg eg ikkje gjekk heilt lovleg ein stad, men pytt...)
    Glad dame på tur
  • eg har fått tekstmeldingar frå folk som bryr seg, som spør om ting som berre eg og den andre deler. Det er godt å bli sett.
  • sist helg var vi på tur med gode vener, fantastisk vær, natur og solnedgangar. 


  • eg har fått ny sjef, som samtidig er ein tidlegare kollega. Det er fint!
  • vi har hatt fin familiemiddag med nesten heile kjernefamilien
  • blomstrane mine blomstrar. Nokre syng på siste vers, nokre er midt i blomstringa og nokre er i ferd med å folde seg ut. Eg har blomster i nesten alle rom inne. Det er luksus! Og eg samlar frø frå både erteblomster, ringblomst og blomkarse, slik at eg kan så neste vår. Prøvar dessutan å tenkte på korleis vi skal ha hagen bak huset, og framleis sette pris på å ha rådr der. Dei er litt for glade i roseknoppar og blomkarse og jordbær...

  • skogen er full av bær, eg treng berre litt meir tid, så skal eg ut og plukke meir. Bringebær, blåbær, multer...

  • eg har gjort unne eit år i den nye jobben! Det har gått både fort og sakte. Det har vore noko nytt rundt alle svingar, eg har strekt meg og lært masse nytt, og innimellom vore så overvelda. Men etter ferien merka eg at eg har langt frå august i fjor! Det er godt!
  • eg har vore i fødselsdag hos lillesøster, med antibac og god avstand, kjekt å treffe folk og få god prat og god mat.
  • eg les den siste boka om "Elling", og veit ikkje om eg skal le eller gråte. Den er så bra, og så vond! 

AUGUST
Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og
solnedganger
Arne Ruste

Eg er så glad i dette diktet, kanskje fordi august er min månad, med fødselsdag. Men samtidig er det månaden for oppstart, av nye ting, men også for fortsetting. Det er hausting av bær og grønsaker, det er jobb og skule og aktiviteter, ting kjem tilbake til kvardagen. Og eg er eit vanedyr, eg likar rutiner og kjente ting. Det er då eg lettast kan ta til meg det nye! 
Ha ei god veke!
"Count your blessing, instead of sheep!"

lørdag 25. juli 2020

Humlesommar



I sommar har eg tatt bilder av humler. Mange humler, særleg saman med blomster. Men kva gjer ein med alle bilda? Det er måte på kor mange eg kan legge på Instagram som #dagenshumle...
Så då samlar eg ein del bilder her!

Seint i mai, då snøen omsider var borte

Tistel med humle

Peon med humle

Dobbel humle!
Åkerhumle på marihånd

Humle på setra
Ein fjellforglemmeiei, trur eg.

Å oppdage humlene, har også gjort at eg har oppdaga blomstrane på ein ny måte, og no ligg Floraen framme til ei kvar tid og eg leitar på nettet etter namn på blomster. Så dette er ein slags vinn-vinn på lærdom og glede!
Tistel med humle og utsikt


Her er noko anna, men eg måtte ta den med.
Blåknapp med blek engmott

Blomkarsen er veldig populær hos humlene!

Denne blomsten har eg aldri tenkt over før, men det er
altså ein enghumleblom. Og humla jobbar innandørs her.

Humle i hekken


Eg kosar meg med humlejakt. Eg gler meg over jobben dei gjer, og lurer på om det er fordi eg ser etter dei at eg syns det er færre, eller om det er som før? summar det litt mindre i blomsterenga?

Steinhumle på reinfann
(takk til internett!)

tirsdag 23. juni 2020

Hageglede

Lite slår det å gå i hagen og sjå kor det gror og veks!
Akkurat no har eg funne knopp på både erteblost, blomkarse og ringblomst!



Jordbæra har blomster, og små bær.
Georginen er flytta over i ei større kasse med meir jord, og rosebusken eg redda frå den visse død innerst, nederst i bua har snart små roser.

Og det gamle rosentreet har små knoppar som lyser i rosa. Snart blir det roser og lukta av roser og midtsommar og minner.

(Så må vi berre ta med at hagen blir litt dårleg stelt nokre veker, når vi etterkvart reiser på ferie)

Håpet er lysegrønt, seier dei, og då er hagen min fyllt av håp!

mandag 15. juni 2020

Kjenn din hage!

Det er temmeleg nøyaktig 25 år sidan vi kjøpte huset her. Huset er endra, inne og ute, men det er jammen hagen og!
Vi har bygd på og drenert, bygd platting og endra og bygd ny platting med steinmur. Flytta bed og gravd bort bed og klipt hekk og fjerna hekk og planta ny hekk.
Då vi flytta inn var det eit bed med det som ser ut som gule prestekragar bak huset, men der står tilbygget no, så dei er borte. Foran huset hadde vi mellom anna løyntnantshjerte, men der er det platting no. Og vi har hatt forskjelleg anna. Men eg har då i åra som har gått vore over det meste og trudde eg hadde ei oversikt over kva som var igjen.

Men nei. I går fann eg liljekonvall. Inne hekken ved oppkjørselen. Kan liljekonvall berre oppstå?



Helsing #ikkjesågrønefingrar

søndag 14. juni 2020

Årets første

Fruen fra havet!
Idag: båttur

Båten kom seinare på sjøen enn planlagt iår, det kom snø seinare enn vanleg i mai, det har skjedd andre ting, +++
Men idag tok vi med frukosten og åt frukost på fjorden. Vi segla sakte sakte, det var flat sjø og lite vind. Vi las bøker, prata litt og berre var ute!
Fint var det!

Blått i blått


Frukost i båt


fredag 29. mai 2020

Hagearbeid

Idag, på fridagen, var planen å plante ut alt eg har sådd inne.
Då trong eg nokre fleire potter, samt jord. Og bambuspinner slik at erteblomstene har noko å vekse oppover på. Så eg var innom Plantasjen, og jammen vart det med ein lavendel også... slike butikkar har ein lei tendens til å friste til meir kjøp enn ein har tenkt.


Vek heime planta eg og bar og flytta og rydda. Godt fornøgd, med jord i på hendene og i panna og håret... Så no har eg blomkarse, erteblomster og ringblomster på terrassen.
Samt georgine frå svigermor, og stemorsblomster som vart sett ut medan det enno var snøstorm.

eg som ønska meg at det måtte lukkast med blomstrane, må seie meg fornøgd inntil vidare! (no treng dei berre varme, vatn og omsorg)


Det viste seg at eg ikkje hadde trengt å kjøpe jord. For vi har akkurat gjort avtale om at vi skulle få tilkjørt meir jord, som erstatning frå kommunen etter ombygging av ein veg bak huset. Den jorda kom idag, akkurat då eg kom heim frå Plantasjen... Omsonst arbeid og utgift der altså!

onsdag 27. mai 2020

Det er for lite snakk om sko!

Sko er av det som gir livsglede og ein liten smak av luksus i kvardagen!

Eg har kjøpt nye joggesko, godt å ha, men ikkje så spennande. Supre til tur i marka, men ikkje elles. Eg har ganske nye sko til å gå til og frå jobb, veldig fornuftig og nyttig, Luksus? Tja. Nye sandalar til å bruke på jobb er nødvendig, men meir slik kvardagsglede.

Desse her derimot! Dei er ikkje spesielt gode å gå i, dei er ikkje praktiske og dei er definitivt ikkje noko eg treng! Men dei gir eit løft for humøret og lys i kvardagen! Slike sko blir det aldri nok av.

(Eg forstår forresten ikkje kvifor eg har tilnamnet Irmelda?)