søndag 21. mars 2021

Søndag kveld

Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...

Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg. 

Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.




Laurdag  bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski. 



Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta. 



Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar