søndag 9. juni 2019

Jada, eg er her

Facebook masar om at eg ikkje har lagt ut noko på bloggen si facebookside på lenge. Og det har facebook rett i, for eg har ikkje blogga på lenge. Eg trur det er det som heiter kvardag som har kome i mellom!

Kvardag, livet: det er for eksempel den haugen med skitne klær, som må innom vaskemaskina før det blir ein haug med reine klær som "nokon" etterpå må brette og legge på plass i skap og skuffer. Det er kjøkkenbenken med skitne koppar, kjøleskapet ingen har huska å fylle med ost og mjølk. Og det er brødskuffa med tørt og/eller grønt brød. (eller som då junior var heime: ikkje brød i det heile...) Det er plener med frodig gras som kunne vorte fint høy om vi slo med ljå og hesja det. Det er grønsakshagen, som er raus med skvalderkål, og i år har eg gått for kun jordbærplantene som har overlevd vinteren og så sådde eg ei pakke ringblomster, for det er nostalgi og barndom! Det har vore bøker å lese, genser å strikke til junior, turar å gå og dagar for jogging.

Og det er jobb, der eg framleis er, men som eg er veldig delt om! Eg skal snart slutte, eg skal rydde kontoret, og hodet mitt har allereie byrja tenkje på den nye jobben, sjøl om det er nesten 2 månader til eg byrjar der. Eg har vore der på besøk, og fått omvising og helsa på dei nye kollegaene mine, veldig
kjekt! Men det er altså rydding av kontoret...og det er nyttig og trist og fullt av minner! Eg har vel lagra meir enn strengt tatt nødvendig. Og det er vemodig å snart levere nøklar og vinke hadet til kollegaene. Den krever energi, denne fasen her! (Samtidig får vi karriererådgivning! Det er spennande og krevande og litt absurd, for der er det mykje eg ikkje har lært og tenkt på før! Det var lite snakk om LinkedIn og slikt då eg søkte jobb sist, i attenhundre og grønkål, slik cirka! Men no har eg oppdatert CV og snart oppdatert LinkedIn-profil og skulle det dukke opp ein jobb som fristar, står det ikkje på det tekniske)

Det har vore Romsdalstur og rydding. Det har vore 2 konfirmasjonar og det er fint å kunne ta fram bunaden og feire fine ungdommar, men blogging skjer jo ikkje slike dagar.

Sånn, eg skal ikkje klage meir! Nokre bilder kanskje?

 Mamma sitt blomstervindu lever vidare. 


 Eg fekk roser av nokre kollegaer

Blomster i skogen!


 Solnedgangen igår

 Dagens skogtur

Har vent på tordenvær heile dagen, men det kjem ikkje. 
Har fått regn da.

Dei siste vekene har eg tatt bilder av folk og blomster. Så då får du blomster! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar