torsdag 7. juni 2018

Lang og tru teneste

Våren 1993 var eg iferd med å avslutte utdanning. I Oslo. Kjæresten, i bloggen kjent som Mannen, studerte også. I Trondheim. Tilfeldigheiter, ein praksisplass i Oslo og litt flaks gjorde at eg fekk vite om Statens Veterinære Laboratorium i Trondheim, og -hurra-  eg fekk eit vikariat. Eg starta 1.august 1993. Ny i arbeidslivet. Med eit fagfelt det viste seg at eg skulle jobbe ganske åleine med. Det vart bratt læringskurve, litt prøving og feiling. Så bytta eg fagfelt, og eg starta med ganske mange kvite flekkar på kartet. Ny bratt læringskurve. Heldigvis nokon å spørje om råd, bøker å lese, og gleda over å meistre! 
Tanken var å gjere noko anna etterkvart. Søke ein annan jobb. Prøve noko nytt. Dette var jo berre ein start.









Eg vart der. Eg har vore med på omorganiseringar, andre endringar, travle dagar og rolegare tider. Faglege utfordringar, faglege diskusjonar, faglitteratur. Kjedelege dagar med rutineoppgåver, utstyr som svikta og retting av feil. Avvik og fravik. Halsprøve frå undulat, hesteurin i litersglass og parasittar frå ville dyr. Gleda ved å finne ein vrien bakterie i lunga på ein gris, eller iallfall noko som forklarar sjukdommen. Mykje vi ikkje lærte noko om på studiet!
Eg har hatt mammapermisjon, dårleg helse og god helse. Vore borte frå jobb, og kome tilbake til jobb.
Kollegaer har kome og gått, men nokon har eg jammen jobba saman med sidan 1993. Nokon har blitt gode vener. Nokon å prate med, dele oppgåver med og ete lunsj saman med. Nokon å sukke saman med og nokon å irritere seg over. Nokon å le saman med når det kjem inn prøver seint på dag, og galgenhumor er den einaste formen for humor som virkar!



Og plutseleg har det gått nesten 25 år! Og idag var det markering på jobb, ikkje berre for meg. Fleire har vore der i mange år, både 25, 26 og 27 år. Nokon så lenge som 40 år! Idag var det godord og gåve. Blomster og vase. No pyntar den opp i stova mi.

Eg hadde nok aldri noko karriereplan, eg tok den jobben eg fekk. Men eg skulle vidare. Trudde eg. Men så viste det seg at den jobben eg tok, hadde mykje meir enn eg visste om. Det er mykje rutine, det er mykje rydding og vasking -og det er faglege utfordringar du ikkje veit noko om før du er der! Eg trur ikkje det er så farleg om livet er det som skjer! Utan plan, å takke ja til ein jobb ein veit lite om, ikkje treng vere så farleg. Eg har hatt 25 gode år på Veterinærinstituttet!

(Og for meg og mannen, var det fint at eg kom meg hit. Snart er det 25årsjubileum for oss også!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar