mandag 7. august 2017

Kirsti gjer ting ho eigentleg ikkje tør!

Eg har som tidlegare nemnt hatt overskrifta "ut av komfortsona" på ferien iår. Og det gjeld ikkje berre å reise på langtur med båt, over eit av dei mest kjente havstykka i Noreg. Det finns fleire utfordringar å prøve seg på!

Eg har vokse opp i kommunen som har slagordet "Verdens beste kommune for naturglade mennesker". Der ligg Romsdalseggen. Ein tur som blir omtala som "den nye" Besseggen. Noregs flottaste fjelltur, seier reklamen. Mange har gått der, og skryt uhemma over fantastisk natur og fin tur. Mange har gått der, og gått seg fast, meir eller mindre, både av høgdeskrekk og dårleg vær eller feil utstyr.
Eg kjenner dei som har gått der, og syns det har vore i overkant luftig. Eg kjenner dei som syns det har vore fint, men på langt nær så bratt som reklamen seier. Det blir diskutert i media korleis turen skal reklamerast for, og det har vorte meir aksept for å seie at dette ikkje er ein tur for alle. Det er langt, bratt og luftig.
Turfølget mitt. Svoger, mann og son.
Eg har hatt lyst å gå! Men i fleire år har ryggen vore eit hinder. Iår har den vorte betre. Eg har  eit snev av høgdeskrekk, og har måtte gje meg på andre turar fordi det har vorte for luftig. Men mann og soner har gått der før, og meinte eg kunne klare turen. Dei lova å passe på meg om eg ville gå. Storesøster har klart det. Nieser har gått den fleire gonger. Altså, kunne eg vere dårlegare?

Bittelitt spent. Du ser eggen bak meg.

Plutseleg ein kveld hadde vi bestemt at i morgon går vi! Det var gode værmeldingar og det var berre å hoppe i det (eller ikkje hoppe då, eg ville helst ikkje hoppe i dette fjellområdet...) Tidleg opp, matpakke og gode sko. Buss inn i Vengedalen, og så var det berre å gå.
Først er det mange motbakkar. Det er ikkje noko problem for meg. Det er berre å gå, og finne rytmen. Vi tok ein avstikkar til Blånebba, det var enno heilt greit med høgder og eggar, her går stien eit stykke frå kanten. Avstikkaren tek ca ein time.
Etter mat og drikke gjekk vi vidare. No vart det brattare, og eg byrja forstå kvifor det heiter egg. Det vart smalare, og eg tok eit val om å gå, ikkje sjå meg rundt. Eg fekk innimellom ei hand frå junior å halde meg i. Han forklarte også kva rute som var lurt å ta rundt store steinar og slikt ("ikkje gå der, mamma, der må du slenge deg rundt ein stor stein. Eg trur ikkje du vil det"). Mannen gjekk bak og passa på. Det er stader der ein må klatre. dei andre i turfølget kallar det kliving, sidan det ikkje trengs tau, men eg kallar det klatring! Kor lang tid det tok å gå det brattaste prtiet veit eg ikkje. Men etterkvart blir det vidare og opnare, og vi fekk sol. Alt blir betre i sol! Det vart lett å gå, eg nytte utsikta og godværet og mestringskjensla!

Dette er omtrent på det høgste punktet.
Her er det "runde" fjell, og eg klarer sjå meg litt rundt.
Heilt grei utsikt!

Godt inne på kanten, men du ser ned mot Rauma elv
og Romsdalsfjorden.

Det er fleire parti med egg igjen etter det smalaste også, men her er det ikkje så bratt. Eg vart litt svett då dei dukka opp, men eg kom meg vidare. Nesaksla ligg 715 meter over havet, og derifrå er det berre nedoverbakke til mål (som ligg berre litt over havnivå).  Det er eit tungt stykke! Knea får det hardt, og for mange er dette den tyngste delen av turen (så er du førebudd!) Her er det trapper laga av sherpaer frå Nepal (dei er kåra til årets fjellgeiter 2017 av Norsk fjellfestival) det første stykket, det gjer det litt enklare å gå, men også veldig luftig! Trappene ligg på utsida av fjellet, med veldig utsikt over Romsdalen og Åndalsnes.

Eg gjennomførte! Eg har framleis litt vondt i knea, 2 veker seinare, når eg går nedoverbakke. Ryggen heldt godt, den likar seg faktisk betre på fjelltur enn i sofaen. Kondisen var god nok. Eg har ikkje sett mykje av utsikta dei brattaste plassane, for eg fokuserte på å kome forbi. Men eg klarte det! Og den mestringskjensla kan ingen ta frå meg. (og kanskje kan eg gå den ein gong til om nokre år, då er eg litt førebudd)

Desse beina fekk meg over Romsdalseggen!

Og så glad blir ein når ein har gjennomført noko som ligg
langt utan for komfortsona!

Om eg anbefalar turen? Ja. Med enkelte forbehold. Du må ha brukbar kondis. Vere turvant. ha gått i ur og fjell før. Tåle høgder. Ta med nok mat og drikke. Kunne klatre/klive litt. Vere forsiktig og ta tida til hjelp!

Dette viser omtrent eggen(sett frå båten!)
Blånebba er det høgste punktet til høgre. Målet
(Åndalsnes) er nede til venstre.

Fakta:

  • Lengde 10,3 km
  • 5-8 timar (vi brukte 7, inkludert ein "avstikkar" opp på Blånebba)
  • 970 m oppover
  • høgaste punkt 1222 moh(Mjølvafjellet) Og det betyr at du har nesten 1200 meter nedover før du er i mål! Det første stykket er ikkje så bratt, men det blir brattare og det er tungt for knea!
  • du kan lese meir her Romsdalseggen og her romsdal.com

2 kommentarer:

  1. Du er så rå, tenk det er ikke lenge siden du lå strak og nyoperert! Stolt av deg!!!

    SvarSlett
  2. Takk! Det er SÅ GØY med mestring, kjenne at kroppen fungerer. En smule stolt!

    SvarSlett