mandag 3. juli 2017

Vekestart veke 27. Snart ferie, planlegging og skogtur

Det er jammen juli. Eg kjente på eit slags vedmod i går kveld, det går altså mot mørkare tider, og eg har ikkje starta ferien enno! (og ja, det går mot mørkare tider, men det er enno lyst døgnet rundt, og det er snart ferie, og erfaringsmessig er august fin i Trøndelag. Sa ho tappert!)

Sommarnatt

Sommarliv

På jobb er vi færre og færre, sjølv om det i dag dukk opp ein ferievikar, men det er litt tynt rundt lunsjbordet og vi deler oppgåvene etter formelen "kven gjer dei ulike oppgåvene raskast". Det har sin sjarm å jobbe på sommaren også, når det ikkje er altfor mykje å gjere, (for då er hovudet fullt både dag og natt...har hatt slike sommarar og) for det er ein slags ro og det blir ei anna stemning. Og eg må huske å ta med sjokoladekakeresten frå sommarfesten vår ein dag denne veka, då blir nok folk glade.

Vi planlegg sommarferie og segltur, eg skriv lister om mat og utstyr, mannen skriv lister om gjestehamner og les kart. Eg har kjøpt ny brødkniv til båten, vannkanne og skal fylle gass på den tomme flaska. Mannen har reparert nokre småskader på båten. Han har montert ovnen slik at vi får lagt på plass benkeplata over. Eg planlegg å bake havrekjeks. Eg les værmeldingar  og langtidsvarsel, og har funne ei side på nettet som har bølgevarsel. Spisebordet har dei siste vekene vore dekt av sjøkart og landkart og passar og lupe. Eg har kjøpt bok om båtliv. Eg planlegg også kva bøker eg skal ha med og lese i båten! Slik går kveldane!


Dette er også livet i båt.
Fiksing krev redskap og utstyr!

I helga var eldstejunior innom heimen nokre få timar. Han snakka varmt om Lofoten og Helgelandskysten, han har hatt ferie saman med vener, gått på fjellturar, fiska og sove i telt, og kom heim med bilen full av skitne klær og turutstyr. I morgon kjem han heim, etter eit år i nord og med kongens klær. No er han ferdig! Og då er vi samla for første gong på lenge! Vi skal ha nokre dagar heime, saman, trur eg. Men kva veit vel eigentleg ei mor til to frittgåande soner?!

Yngstejunior ville gjerne lage middag idag, kven seier nei til slikt? Eg stakk til skogs, eg fekk høg puls, vart svett på ryggen, lukta på blomster og senka skuldrene. Og luksus, eg fekk pasta med heimelaga tomatsaus og skarpe kjøttbollar då eg kom heim!

Idag må det bli eit slags sommardikt,

Solstrålen, bølgene,
gresset, trærne
den lille roen
myggen flyr forbi
uten å sette seg

Nora Aschim

Tenk deg ein mygg som ikkje sett seg? Den myggen var ikkje her torsdag kveld, for å seie det slik. Bølgene som klukkar rundt båten, alle dei grønne trea i skogen, det er så fint! Og det gir ro!


Ha ei fin veke, med eller utan sol og varme, med eller utan fri, ferie, planer eller lesestoff!

Blomstereng


8 kommentarer:

  1. Fantastiske bilder som alltid. Flotte drømmer og tanker om ferie. Jeg kjenner på misunnelsen. Men jeg unner dere gleden. ❤️❤️❤️

    SvarSlett
    Svar
    1. Så fint sagt, å både unne og misunne! Nesten samme ord, jo!
      Og takk for rod for bilder, jeg prøver så godt jeg kan å fange stemninger vel så mye som det perfekte.

      Slett
  2. Åååå, Helgelandskysten er jo bare finest! Dere urde ta turen oppover der også et år, da kan jeg komme med et par gode tips ;-)

    Lykke til med planlegging og gjennomføring av årets tur! :-) Det blir nok veldig bra.

    SvarSlett
  3. Høres ut som om du har det ganske så bra om dagen!

    God sommer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Har det stort sett bra, men noen humper er det jo :)

      Slett