tirsdag 18. juli 2017

Kva gjer ein på i båt?

Etter ei veke i båt, skal eg prøve å oppsummere kva vi har gjort på. For som ein kollega av meg sa då eg sa vi skulle på båtferie med seglbåt: "då må de ha god tid". Og det må ein, det går sakte, enten det er for segl eller motor.

Sjøsprøyt og segling

Så kva har vi gjort på?

På førehand hadde eg lasta ned fleire bøker på Kindle, eg hadde kjøpt eit par bøker, eg hadde med kryssordblad og aviser, eg hadde til og med håndarbeid med meg! Vi skulle jo forflytte oss i timesvis kvar dag. Korleis skulle eg få tida til å gå?
Eg har lese ei bok, fordelt på ei veke...det er lite til å vere meg! Eg har ikkje løst kryssord, eg har bladd fort gjennom avisene. Håndarbeidet ligg fint nedpakka enno.
Men på søndag, ved kai, og utan at vi skulle ut med båten, spela vi kort, og høyrte musikk, det skal vi ha! På søndag var forresten vi alle fire i båten, det var trangt og triveleg!


Det vi har gjort er å sjå på utsikta, både for å nyte og for å følgje med. (Og eg har sett på kart i ettertid, for å prøve å forstå omtrent kvar vi har vore og samanhengen mellom stadene) Vi har gått inn fjordar eg aldri har høyrt om før, der det knapt nok er bilveg. Eg har sett stader som kunne vore brukt som postkort og Norgesreklame, utan å gjere noko meir enn å ta bilder og sende ut. Vi har studert kart, for å finne djubde på fjordar, høgde på bruer og vi har dobbeltsjekka samme ting ein gong eller to. Vi har lell hatt litt hjarte i halsen når vi gjekk under bruene, iallfall dei første, for det såg ikkje ut til å gå bra. Det gjorde det! Ein kan stole på Kartverket! Eg har hatt ei veldig bratt læringskurve på sjømerker og fått repetert styrbord og babord og kva som er raudt og grønt av dei. Eg har lært at skipsleia går nordover langs norskekysten, så vi som har gått sørover har hatt motsatt farger enn dei som går nordover.
Båt i solnedgang på Nordmøre.
Og her hadde vi ein marina heilt for oss sjøl.

Her var det fleire båtar

Vi har sett på været, og vore flittige brukarar av yr.no. Vi har snakka med andre i hamner vi har ligge i, og fått vite om andre nyttige appar for vind og vær og bølger ("Windy" er installert på telefonen min). Vi(les mannen) har vore orientert om gjesthamner, og vi har prata om kor langt vi skal gå kvar dag. Kvar skal vi sove? Vi har sove i store hamner og bittebittesmå vi har hatt heilt for oss sjøl. Vi har lagt til kai i fulle hamner, med sterk vind og trange plassar. Vi har fått god hjelp, og ein båtmann på land klarte irritere meg med å anta(dessverre med rette) at eg ikkje er så god på knutar. Men han kunne latt vere å prøve så høglytt å forklare meg!? Med pipe i munnen og pedagogisk tonefall fekk han blodtrykket mitt til nye høgder!

Akkurat her var det vått! Det draup ikkje av skoa mine, det rann vatn...
Her er vi på veg under ei bru. Like spennande kvar gong!

Bamsemums og eg nyt finveret over Hustadvika.

Så skal det lagast mat, både i rom sjø og ved kai. Ein må ha mat! Og kva skal ein ete? Og kva kan ein ha med seg som tåler å ligge i ein kjølebag? Det kjem meir om mat i eit seinare innlegg. Men det krever iallfall sjøbein midtfjords! Og på liten plass krever matlaging meir planlegging, og det tek litt meir tid. Sjølv om det er utruleg kva ein kan lage på bitteliten plass!

Frukost servert undervegs

Middagskokken

Etterpå skal det vaskast opp, det krev også sjøbein. Og varmt vatn kjem ikkje frå kranen, det må kokast først. Og det må vaskast omtrent etter kvart måltid, for båten er liten og det er ikkje så mykje utstyr, og det er liten plass til å lagre oppvask. Altså, ting tar tid, ting som går fortare heime. Der iallfall vi har meir enn 4 knivar og det er lettvint å stue inn i oppvaskmaskina!
Så må det ryddast litt sånn generelt, og golvet treng kost og støvbrett og sengetøy må luftast. Vips er det sengetid!
Undervegs har vi fotograft litt også, eller litt og litt, fru Blom. Det har vore så mykje fint å sjå! Stadig nye, gode motiv!

Slik gjekk dagane! Vi prata mykje, kanskje ikkje så djupt, men vi var saman! Det var tid til å fundere litt, eg fekk høyre historier frå militære av junior, mannen kunne lese om sjømerker og eg kunne kikke på fuglane. Muleg vi treng ei fuglebok i båten.
Og ei veke gjekk fort, sjølv om kryssordet ikkje er løst og eg ikkje har hekla ei einaste maske!

Agdenes
Gamalt fyr på land og nytt fyr på skjær. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar