mandag 29. mai 2017

Vekestart veke 22

Sol! Fridag!

Sol inn stoveglaset lenge før frukost.

Har kryssa ut eit par slike ting på lista som har vore utsett, fordi... du veit slike ting som tek lengre tid å grue seg til enn å utføre? Fekk gjort dei idag! Kjennes endå betre ut å nyte sola etterpå då. Las bok i sola, åt lunsj i sola, vart klissete av solkrem(men ikkje solbrent) Bretta klær, laga middag. Snakke med ein son. Tenkte på den andre sonen. Kyssa mannen. Har trena yoga i kveld, kroppen syntes det var grusomt slitsomt, kan bli stiv i morgon. Altså ein slik dag som er kvardag, som er livet!

Alt dette maset om
KVALITETSTID
(når det vel er sjølve livet vi meiner)

Ete brødskive med brunost. Ta bussen heim frå jobb i regnver.
Vakne midt på natta og le høgt av noe du nettopp drøymde.
Forsove seg men likevel ta seg tid til å koke egg til frukost.
Trøyste ei dotter i telefonen. Gråte i ei gravferd.

Sjølve livet! (heiter det)

Øystein Hauge




Og kall meg gjerne ei enkel sjel, men sola skein idag, eg har solgul veske, gule sko kjøpt på salg i fjor og plena full av gullgule løvetenner! Då må ein jo bli glad!


2 kommentarer:

  1. Gult er kult, og jeg er glad du har fine dager! Håper kroppen er ok i dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gult er kult, helt klart! Og gul veske, kven kan vere morgongretten då? Eit tiltak til trivsel for både familie og kollegaer 😀
      Kroppen er litt ugrei idag, har vore hos fysio no og både fått klage min nød, samt fått hjelp.

      Slett