onsdag 27. april 2016

Eg har slikt å gjere...

...når eg ikkje kan gjere akkurat det som fell meg inn. Advarsel; dette innlegget inneheld litt sutring!

Eg har eit snev av brakkesjuke. Eg er verre no, enn eg var før operasjon, men det er jo forbigåande (etter planen). Eg reknar med at etterkvart er eg sprekare enn før, og ryggen vil vere god, men akkurat no, med operasjonssår og restriksjonar, blir eg litt lei, oppgitt og motlaus. Litt brakkesjuke, rett og slett. (Ja, eg veit at det kunne vore verre. Eg kunne fått nei til operason og gått med uavklart rygg enno. Eg kunne budd i eit land med krig, svolt, utan legehjelp etc. Men litt av problemet er at eg akkurat no ser kun min eigen nasetipp!)
Eg har sjeldan lyst til å vaske golv, men når eg ligg på sofaen og ser BobHarry og venene hans springe rundt på golvet, blir eg litt desperat. Eg bryr meg ikkje så mykje om vindusvask heller til vanleg, men no... Og slik er det med mange ting, eg ser dei, og har god tid til å tenke på det eg ikkje får til! Og det blir litt lange dagar utan selskap, eg får spara opp masse tema til mann og son kjem heim frå jobb!
Eg veit at det beste er å gjere som eg har fått beskjed om, det vil både eg og ryggen tene på i lengda. Og eg er jo mykje betre allereie, eg har kunne kutte ned på smertestilande, og kan snu meg i senga utan å vekke dei andre i huset!

Men kva gjer eg for å få dagen til å gå?

  • eg startar dagen med ei stor kanne te! Eg har masse god te å velge mellom, og eg går litt rundt, høyrer radio, blar i avisa, drikk te, før eg sett meg ned og et frukost, prøvar gjere det til ein god start(og det er best å drikke te medan ein er ståande eller sittande, veldig vanskeleg i liggande posisjon) Og ein liten bit mørk  sjokolade til frukostdessert! (og eg har på skikkelege klær, joggebuksa er parkert i skapet! Eg kjenner meg friskare slik)
  • eg finn meg ei god stilling på sofaen, med puter og pledd(for det kan fort bli kaldt, og særleg når det haglar ute) Eg har etter litt tid kome fram til at det er ikkje så farleg om eg søv litt på dagtid. Eg søv dårleg på natta, og det er greit å ta igjen på dagen(iallfall litt)
  • eg høyrer radio, på radio, som nettradio eller podcast. Eg er særleg glad i P2, med Ekko, Kulturhuset og Salongen.  Men eg er innom NRK Jazz og NRK P1 også.
  • eg les! Særleg ebok, på Kindle. Frykteleg greit når ein ligg på ryggen, fordi den er så lett å halde. (og så lett å fylle på når ein har lest ut ei bok....)
  • eg vaskar klær. Det går, når eg får andre til å bære dei skitne klærne til vaskerommet. Eg har ordna meg ein stol der, slik at eg kan sitte og sortere klærne, legge i maskina, flytte over i tørketrommelen og til slutt få nokon til å bære dei reine klærne opp igjen. (Jada, min indre pensjonist er tilstades)
  • eg går på butikken og kjøper eit rundstykke til lunsj. Det er akkurat passe tungt å bære heim igjen, og eg får rørt meg, frisk luft og avveksling. Når eg slår meg laus, kjøper eg med blåbær også. 
  • eg planlegg middag. Og lagar middag, eg må berre starte tidleg, og finne rettar som ikkje krever for mykje kutting og hakking, og som gjerne blir betre av å stå lenge og putre(mi indre husmor er på ferde). Evt fiskekaker på panna. Det kan heller ikkje vere element av tunge løft. Men denne veka har vi hatt fiskekaker, lasagne og suppe. No må eg snart skrive handleliste, og sende nokon ut og fylle på matlageret.
  • eg er meir enn vanleg aktiv på Instagram, Facebook og Twitter, der er det stort sett noko som skjer. 
  • eg ser ikkje tv på dagtid. Det er eigentleg ikkje noko prinsipp, men har du prøvd å sjå tv på dagtid? Det går ingenting!

...og innimellom kjedar eg meg likevel....

Og dette skulle eg eigentleg skrive ferdig før idag,  men så vart eg invitert med på lunsj på kafe. Eg rakk ikkje blogge, eg rakk ikkje kjede meg. Eg fekk testa formen, kjørte bil sjøl, gjekk ute mellom folk, og det gjekk BRA! Og det var så kjekt at eg gløymte å ta bildebevis også!

Så det går framover, eg må berre stoppe og kjenne etter. Eg veit at om nokre veker er verste over, eg blir spretten igjen til sommarferien ser det ut til. Eg er glad eg får tid til å bli frisk, at eg har fått operasjon. Eg prøvar å huske at ofte er det dagar utan planer eg drøymer om, og at eg skal nyte litt også, men så gløymer eg meg. Men no har eg iallfall laga ei liste som viser at eg gjer ein god del som eg syns er kjekt, og at eg igrunnen har det bra. Så OK, eg får prøve å huske det i morgon!

6 kommentarer:

  1. Lurt å ta det så rolig som du skal, og godt at du merker bedring allerede! :-)

    Ellers er den litt artig den lysten til å gjøre ting du ellers har et litt lunkent forhold til bare fordi du ikke kan gjøre det...

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje alltid logisk den lysten til å gjere ting eller ikkje :)

      Slett
  2. God betring!
    Var til kiroparktor i dag. Godtvondt viss det er eit ord :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Godtvondt er eit dekkande ord for kiropraktortimar. Håpar det hjelp!

      Slett
  3. "Gondt" er ordet jeg bruker for GOdtvONDT. ;)

    Og jeg skjønner veldig godt det du sier, vi snakker samme språk du og jeg. Brakkesjuke suger eselballe (et av de styggeste uttrykkene jeg vet om).

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, vi veit kva vi snakkar om. Humor ein god ven og 'mi indre burugle' er ikkje heilt enkel å hanskes med.

      Slett