fredag 1. januar 2016

Godt nytt år!

Blogginga har ikkje vore høgt på planen i jula! Men eit lite nyttårsinnlegg må eg vel få til?

Idag går det sakte. Sein kveld i går, vond rygg og ettertanke idag. Dagen starta med frukost framfor fjernsynet og "Nyttårskonsert" frå Wien. Vi har gått ein liten tur, høyrt "nyttårsjazz" frå øverommet i kjellaren og ete middag som berre var å varme opp. Eg har lese ut "Bror din på prærien" og sove  middag. Alle dagar i 2016 blir nok ikkje slik!


Det er godt å avslutte jul med ei langhelg. Truleg får vi snudd døgnet igjen, vi må ete opp meir av julematen, vaske klær, sakte kome i gjenge igjen!

Kvelden igår var fin, med gode vener, masse mat og latter! Ikkje noko fyrverkeri, for det var kraftig vind ute(og ikkje hadde vi kjøpt noko heller) For første gong på 19 år feria vi heilt uten barn, dei hadde sine eigne planer(som eg hadde på same alder) Rart, men det er vel livets gang?


Og det er jul i stova ei stund til!


8 kommentarer:

  1. Godt nytt år til deg, med ønske om glede, fred, god helse og masse inspirasjon til å blogge :) Klem fra meg :)

    SvarSlett
  2. Det må være veldig rart når ungene mer eller mindre er flyttet ut og så husker man samtidig tilbake til da en selv var så gammel.

    Godt nytt år!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er snodig... Prøvar å huske at eg kjente meg skikkeleg voksen og ansvarlig, og det er nok det mine barn trur også.men eg er jo mamma uansett, så dei får omsorg og mas, enten dei vil eller ikkje!

      Slett
  3. Godt nytt år, fine du! Takk for mange fine kommentarer, tekster og bilder i året som var. Jeg gleder meg til å følge deg i 2016 også!

    SvarSlett