torsdag 10. september 2015

Haustgleder

Eg har vokse opp med frukttrær(og bærbusker, med rips,  solbær,  stikkelsbær. Lukke! ).
Eg har brukt mykje tid på å sitte i plommetre og ete plommer, sure plommer som ga vondt i magen, og så plutseleg ei perfekt moden, søt plomme som gjorde at eg vurderte å slutte å ete, men etter ei lita stund måtte eg ha ei til... som var sur...
På veg til skulen tok eg eit eple når eg gjekk forbi, og etterkvart var dei til og med modne! Eg er ikkje sikker på om eg likte dei når dei vart modne, det var noko med dei harde, små epla, med grønne kjernar, som ga ei eiga snurpekjensle i munnen!

No har vi ikkje eigen frukthage, då er det fantastisk at ein kan finne norske, sure,  harde epler på butikken. Og plommer som er litt syrlige og berre akkurat modne! Det snurpar seg i munnen og eg får kanskje vondt i magen, men det er det verdt! Det er barndomsminner i ein liten bit! Eg er rett tilbake i plommetreet! Eg er på veg til skulebussen, med eple i handa og sekk på ryggen!
Eg skal lage eplekake og kanskje ei kake med plommer, og eg vil berre ete og ete og kjenne barndommen inni meg!



Og når gravearbeider bak huset er ferdig om eit år eller to, skal eg plante eit epletre!

4 kommentarer: