torsdag 24. september 2015

Eg høyrer ikkje dårleg, eg er faktisk døv på det eine øret

Ok, katten er ute av sekken! På tide etter eit års tid...
Eg har dei siste åra sagt at eg høyrer dårleg, og det er sant. Men etter den siste endringa i hørselen påvenstre øre i fjor sommar, høyrer eg ikkje dårleg, eg høyrer ikkje på venstre øre.
Døvt øre

Ikkje så godt å sjå at denne øra ikkje virkar.
Eg har vegra meg for å seie det. Nokre vil kanskje seie at eg har fortrengt fakta. Eg har ikkje ville snakke om det, det er vel litt sant iallfall...tanken har vore at det ikkje skal få fokus. Eg ser i etterpåklokskapens lys at det blir dumt, for eg "skryt" på meg noko eg ikkje har. Og når ikkje andre veit, er det ikkje lett å tilrettelegge eller forstå. Både på hørselskontroll og hos ØNH-lege har eg fått høyre det, "den øra du er døv på" eller "den øra du har mista hørselen" men eg har snudd det døve øret(haha) til og lata som dei eigentleg sa noko anna! Alle diagram viser at det ikkje finns hørselrespons der, så ser eg på dei, er det ikkje tvil.

Kvifor eg ikkje vil seie det? Fordi det er så definitivt å seie eg er døv, kanskje. Så lenge eg høyrer dårleg, er det litt håp på ein måte. Iallfall for meg. Å seie eg er døv er så definerande, og det likar eg ikkje. Litt fortrening kanskje, sidan eg faktisk er det. Og no kjenner eg for presisering: eg er døv på eit øre! Eg høyrer godt på den andre! (der er det igjen, eg likar ikkje å fokusere på det)

Bak håret: øre med hørsel
Dei rundt meg merkar det jo, dei heime, kollegaer på jobb, folk eg treffer i sosiale samanhengar. Eg får ikkje med meg alt. Eg dett ut av samtalen. Eg misforstår. Eg melder  meg fort litt ut.
Så eg øver meg. Når eg treff folk eg ikkje har sett på ei stund, eller nye folk som eg må kunne kommunisere med, har eg byrja fortelje det. Sist veke hadde vi kontroll på jobb, eg skulle demonstrere laboratoriearbeid og svare på ein del spørsmål. Det ville vore pinlegare om eg svara 5000 når svaret er 10, enn å fortelje om hørselen først, fann eg ut. Så viste det seg at vedkommande hadde eit nært familiemedlem som er einsidig døv, og hadde stor forståing for problemet. Så mykje for å grue seg! Altså ei positiv erfaring som burde gjere meg meir frimodig framover.

Dei siste vekene har eg sett på "Ut av stillheten" på TV2. Det har vore utruleg interessant og lærerikt. Noko er heilt  nytt for meg. Eg har tross alt noko hørsel. Samtidig har eg kjent meg så igjen i mange ting. Kjensla av å mislukkast, misforstå, dette utanfor når ein ikkje får med seg det som blir sagt. Kjensla av å bli sliten av å prøve å følgje samtalen, sjå på den som snakkar, filtrere vekk bakgrunnsstøy. Det er ikkje kjekt å spørje om igjen for 3.gong etter ein artig kommentar, den er ikkje artig lenger då. Det er lettare å berre smile... Det er enno eit program igjen, eg anbefalar varmt å sjå og lære! (Og kanskje går det i reprise ein eller annan stad? Eg skulle gjerne sett alle episodane om igjen)

Eg vil ikkje at nokon skal synes synd i meg, men eg vil at folk skal vite og kanskje forstå litt kvifor eg spør om igjen, ikkje svarar eller svarar "god dag, mann, økseskaft" når svaret eigentleg var 3 veker!
Eg håpar denne dingsen skal hjelpe!

Og neste veke er det opersajon. Det skal settast inn ein skru inn i beinet bak øret slik at eg endeleg kan byrje å bruke beinforankra høreapparat(BAHA). Operasjonen er første steg, så skal det gro saman, før eg skal få tilpassa BAHA og lære meg å bruke det. Eg er spent, eg gler meg og eg prøvar vere realistisk i håpet. Eg vil ikkje få tilbake hørselen, men virkar det, vil eg få med meg meir av det som skjer på "den døve sida". Så eg er definitivt positiv, og tenkjer at det gjer det lettare både med opresajon, ventetid og trening og læring!

7 kommentarer:

  1. Oi, det blir en spennende tid for deg med både operasjon og det nye som følger etter.

    Jeg har ikke fulgt med på serien, til tross for at jeg har fått den anbefalt flere ganger. Jeg er vel litt treg av meg. Det har ikke blitt så mye tv i det siste.

    Lykke til med det som venter!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Spennende tider, men jeg er motivert, det hjelper!
      Det er ikke mye tv her heller, det er ikke det verste å gå glipp av, men noen ting er greit å få med seg!

      Slett
  2. Godt du er kome eit steg vidare.

    Lukke til med det som ventar :-)

    SvarSlett
  3. Så bra at du sier fra!! :) Lykke til med operasjon, og det som kommer etterpå :)
    Ønsker deg ei god helg!
    Siri

    SvarSlett
  4. Jeg synes det er bra du sier det! Mannen min er døv på det ene øret, født slik og kommer alltid til å være slik. Jeg vet det, og vet jeg må nappe litt i ermet hans hvis han ikke hører og vi prøver så langt det er mulig at jeg sitter på den døve siden når vi er i middager. Men de som ikke vet det kan fort tro at han ikke er særlig engasjert i samtalen. Jeg har minus7 på begge øynene og bruker briller. Det er interessant hvorfor dårlig syn er lettere å snakke om enn dårlig hørsel.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det der har eg også lurt på, det er meir akkseptert å sjå dårleg. Briller= klok og høreapparat=dum... Det er litt slik eg kjenner det, og eg har brukt briller i 35 år og høreapparat i ca 4 år.
      Det er berre å hoppe i det og seie frå, for brillene ser alle, og då forstår dei at ein treng hjelp. Ofte vises ikkje høreapparatet(om folk brukar det)og når ein ikkje reagerer på tiltale eller svarar "god dag, mann Økseskaft" framstår ein jo ikkje akkurat som smart. Stadig samtalar av den art her i huset: "Vi skulle hatt to putetrekk?" Hæ. gule putetrekk? Gler meg til det nye apparatet kan brukast!

      Slett