søndag 12. april 2015

Vekestart veke 16

Det har vore påske, det har vore 9.april og det er vår. Det er mangt ein kan tenkje på av slikt.
"og atter som eit under,
nytt liv av daude gror:"
Våren altså!
I påska vart vi ein kveld sittande og prate om krigen og dagane for 75 år sidan då alt skjedde, og mamma og pappa fortalde ting dei huska. Interessant for alle, kanskje særleg for barnebarna. Pappa var 10 år då krigen starta, og huskar meir enn mamma som var berre 4 år. Men det skjedde mykje som gjer inntrykk på eit barn, så det er mykje som sitt igjen.

Eg har vakse opp med historiene, som eg syns var spennande då eg var lita, og som eg no forstår meir av, med vaksen auger og som mor. Som når pappa fortel om bestemor som lurte på om det var best å flytte ned i naustet, med tre små ungar og matstell, når bombene fall lenger inn i fjorden, gulltransporten gjekk rett forbi huset og mannen vart kalla ut til oppryddingsarbeid. Eller når ho vekte ungane så dei fekk sjå ut fjorden og lyset på himmelen av Molde som brann etter bombing. Redselen for kva som ville skje nest, om dei ville ha det dei trong, om det ville bli slik. Ingen viste jo den gongen at det skulle vare 5 år, slik eg trudde då eg var lita "det varte jo berre fem år". Det kunne slutte no, eller vare evig…

Og eg forstår spenninga for bestefar som var nøytralitetsvakt før krigen braut ut. Eller då han fekk vere med og sjå kva som var i lastebilane som kom utover frå Åndalsnes, dei var fulle av gullbarrar frå Norges bank, og måtte gøymast i skogen rundt om medan dei venta på båtskyss på vegen til Molde. Fortvilinga då ein nabo vart skadd i ryddearbeid etter bombing på Åndalsnes.
Og dei meir muntre historiene(iallfall i ettertid), som dei motstandsmennene som øvde på å skyte på blink på fjellet medan dei venta på tyskarane, medan dei i bygda trudde det var full krig!

Pappa som minnes tyskarar som kom for å kjøpe mat, at han sa dei ikkje hadde egg, endå hønene gjekk rett bak huset, og kunne kome fram når som helst. Då dei hadde geværet gøymt under potetane, og tyskarane kom og skulle ha potet. Bestefar skifta gøymeplass rett etterpå! Flya som vart skotne ned, leiting etter fly og flygar, udetonerte bomber i grøfta, rømte krigsfangar som kom innom for å få mat, unge soldatar som lengta heim til Tyskland. Rykta som gjekk. Engelskmennene som var der dei første krigsdagane. Forteljingar om å stå under murtrappa og høyre fly som kom innover fjordane og bombene som vart slept ned, trygg og utrygg på ein gong.  Mamma som huskar tanta som fekk huset sitt bomba og som ikkje hadde igjen nokon ting. Tyskarane som gjekk forbi på vegen ved huset. Det uverkelege i ein kvardag snudd på hovudet.

Ein heilt anna kvardag. Så uforutsigbar, utrygg.
Det var neir snø i 1940, men elles ikkje så ulikt
slik det var då gulltransporten for forbi.

Og så orda mamma sa, at for dei var krigen likevel ingenting mot det vi ser på fjernsyn frå krigar no for tida. Det fortvilte for dei som er midt oppi det, utan mat, klær, hus og heim, som ikkje veit kven som er ven eller fiende, som ikkje veit når og kvar neste bombe fell.

Og eg måtte naturlegvis ha med meg "Krig på 200 minutter" på NRK 9.april. Det var interessant og spennande, og ikkje minst er det imponerande kva ein person kan formdle med "berre" å sitte og prate. (eg forstår jo at det ikkje er berre prat, men nøye og godt førebudd, men lell)

Alle desse historiene, som eit bakteppe for ein familie, ei bygd, eit land, som vi bær med oss, som har forma oss. Det passar med eit dikt av Nordahl Grieg!

I dag står flaggstangen naken blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er.
Det stiger en sang over landet, seirende i sitt språk,
skjønt hvisket med lukkede leber under de fremmedes åk.

Det fødtes i oss en visshet: Frihet og liv er ett,
så enkelt, så uunnværlig som menneskets åndedrett.
Vi følte da trelldommen truet at lungene gispet i nød
som i en sunken u-båt... Vi vil ikke dø en slik død!

Verre en brennende byer er den krig som ingen kan se,
som legger et giftig slimslør på bjerker og jord og sne.
Med angiverangst og terror besmittet de våre hjem.
Vi hadde andre drømmer, og kan ikke glemme dem.

Langsomt ble landet vårt eget med grøde av hav og jord,
og slitet skapte en ømhet, en svakhet for liv som gror.
Vi fulgte ikke med tiden, vi bygde på fred, som i tross,
og de hvis dåd er ruiner har grunn til å håne oss.

Nå slåss vi for rett til å puste.  Vi vet det må demre en dag
da nordmenn forenes i samme befriede åndedrag.
Vi skiltes fra våre sydpå, fra bleke utslitte menn.
Til dere er gitt et løfte; at vi skal komme igjen.

Her skal vi minnes de døde som ga sitt liv for vår fred,
soldaten i blod på sneen, sjømannen som gikk ned,
Vi er så få her i landet, hver fallen er bror og venn.
Vi har de døde med oss den dag vi kommer igjen.


Nordahl Grieg

1 kommentar: