torsdag 9. april 2015

Kva eg meiner? Tja...

Før, i gamle dagar, då eg var yngre, mindre erfaren i verda, ung, kunnskapslaus/evt skråskikker, meinte eg mangt om mykje.
Eg var skråsikker til det plagsamme om mangt og mykje. Eg kjem frå ein tradisjon med sterke og klare meiningar. Det var ikkje den ting eg ikkje kunne meine noko om! Eg rødmar nesten når eg tenkjer tilbake på diskusjonar på feks videregåande...
Men dette kan eg vere einig i!
#tekoppen

No er eg meir usikker på kva eg meiner om ting. Gje meg eit etisk dilemma og eg skal klare å finne minst tre ulike vinklar å sjå det frå og fundere frå, og det skal hard tvang til å få meg til å seie klart kva eg meiner, om eg i det heile tatt veit kva eg meiner. Kva er det som skjer?
Har eg vorte for mild, konfliktsky, livserfaren? Kjenner eg for mange som det eg før meinte noko skråsikkert om, vil bli ramma av? Er eg for påvirka av verda rundt? Har eg mista evna til å bestemme meg? Er eg for rund i kantane? Blautfisk?
Eller er det rett og slett livserfaring, emapti og vidsyn? Er det farleg å ikkje vite kva ein meiner? Tja, av og til er det iallfall problematisk. På plussida skaper det dialog, undring og kanskje ein større horisont.

Neimen om eg veit. Det er vel det som er problemet. Og slik går dagane…


(Slike ting tenkjer eg på her frå sofaen, i selskap med halslinser og bøker og radio. Det spørs forresten om tenåringane syns eg har vanskeleg for å meine noko, eg meiner ein heil masse om innetider, søvn og kosthald, men det er ikkje slikt eg funderer på. Det er ting som involverer etikk, moral, livssyn, livsførsel og slikt eg tenkjer på. Det er alltids ei hake ved ting…)

Og veit du alltid kva du meiner?

3 kommentarer:

  1. Viktig refleksjon!
    Det kan innimellom vere tøft å stå for noko.

    God bedring og god helg!

    SvarSlett
  2. Viktig refleksjon!
    Det kan innimellom vere tøft å stå for noko.

    God bedring og god helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Eg har med vilje ikkje sett ord på noko dilemma, det er mange å velge i for tida, det er berre å lese aviser, høyre radio, snakke med folk… Alle har vel sine!

      God helg!

      Slett