onsdag 8. april 2015

Etter-påske-blues

Då vi pakka i bilen og skulle reise heim frå ferie, sa mamma at eg ikkje såg frisk ut. Jada, tenkte eg, mødre altså! Eg er vel frisk! (eg er akkurat lik for mine barn…)
Det viste seg at ho nok hadde rett (mødre altså) Då vi kom heim, hadde tømt bilen og kome litt i orden, kjente eg at noko ikkje var som det skulle. Frostrier, hoste og vondt overlat i kroppen. Æsj!

Eg har brukt tida etterpå med ein tekopp like i nærleiken. Halslinser, papirlommetørklær, eit glas vatn++ Eg drikk ingefærte, med ekstra fersk ingefær oppi, litt sitron. Eg frys og svettar om kvarandre, eg passar på at sofaen ikkje er åleine lenge i gongen. Eg sutrar og syns svært synd på meg sjølv!

Vaskerommet er fullt av klær frå påskeferien. Dei blir vel ikkje vekk.  Eg fyller Kindel´n med bøker, og er godt fornøgd med å ha oppdaga ein ny krimforfattar med fleire bøker eg ikkje har lese. Eg har radioen på i bakgrunnen og kan igrunnen ikkje gjere anna enn å vente på at eg blir frisk igjen.

2 kommentarer: