søndag 1. februar 2015

Vekestart veke 6

Søndag igjen! Ei litt rolegare helg, heimeliv. Frokosten varte lenge, med egg, varme rundstykker og levande lys. No sitt vi i kvar vår sofa, det er stille. Ute dalar det melissnø, oppå glattisen. Det er frykteleg glatt, til og med med piggsko(men vi kom oss iallfall ut). Eg drikk bøtter med te. Litt sår hals skal jagast vekk!
Eg har dilla på kobbar for tida, det er så fint. Og azaleaen
har overlevd sidan jul.
Fredag var vi på konsert med minstemann og alle musikk- og dramaelevane på "Katta". Det har vore intens jobbing, lange dagar og mykje øving lenge, så det var nok godt å få presentere ferdig konsert. (og litt moro for mor å sjå junior med sminke og i koret!!) Kjempeflinke var dei, og eg er ein nøytral dommar! Idag er siste konsert og eg reknar med han skal bruke fridagen i morgon til å sove!

Laurdag morgon gjorde eg noko eg sjeldan gjer, men ofte ønskjer eg hadde gjort: eg laga middagsmeny for veke som kjem. Etterpå var det ut og handle inn. Du veit du har gjort storhandel når kassalappen er 85 cm lang…

Søndag: indrefilet i spekeskinke, med ratatuoille
Måndag: bakt torsk med potetmos
Tirsdag: pølseform
Onsdag: fiskegrateng (her ligg det ann til eit problem, det krever at det er restar av den bakte torsken, og det spørs om den fell i smak eller ikkje…)
Torsdag: spicy kyllingsuppe
Fredag: pulled pork 
Laurdag: Baccalao

Eg er veldig fornøgd med jobben eg gjorde i går, slike lister gir vel husmorpoeng?! Kjenner eg meg rett, kan eg lett endre planer undervegs… Men eg kan unngå å måtte på butikken kvar dag, for vi skal ha det meste i hus no, også av brød(eg har jo vorte så flink til å bake, vi har nesten ikkje hatt kjøpebrød i hus etter nyttår, og sist bakte eg like godt 6 brød, slik at eg slapp med ein bakedag i veka), mjølk, juice, pålegg(der kan det skjere seg…) og frukt(der går vi heilt sikkert tom) Men slepp eg innom butikken på tur heim frå jobb med sult i magen og desperat tom for idear, er mykje gjort! 

Etter så mykje matprat, trengs det eit matdikt! 

Først kom et lass med lisser, 
et lass med lakrislisser,
og lakrismus
og røde brus,

og sjokoladenisser!

Så kom en bil med boller, 
en bil med kokosboller, 
og kakemenn
og is i en vanilje-isbeholder!


Så kom en vogn med vafler, 
og saft på små karafler,
og bær på glass
og ananas,

og skje og kniv og gafler!

Så kom en buss med resten. 
Nå har vi allting nesten
som er å få
av godt, så nå

kan vi begynne festen! 
Andre Bjerke

Då ungane var små, las vi alltid for dei når dei åt kveldsmat. Mest forteljingar, etterkvart heile bøker, og til slutt lange bøker med eit kapittel(eller to) kvar dag. Det tek si tid å lese ut "Harry Potter" eller "Hobitten"! Men vi las også dikt, rim og regler. Dette er frå "Morovers" av Andre Bjerke, der er det masse fine vers, rim og regler, tull og tøv med ord og leiking med lydar. Trur mange av oss i familien kan det meste av boka utanåt endå! Så har du nokon å lese høgt til, anbefalar eg boka! 

God veke til deg! Eg skal snart starte på middagslaginga :)



5 kommentarer:

  1. Ser ut som ein flott søndag!
    Eg sit i sofaen og prøve få litt fagstoff inni hovudet. .Men andre ting er litt kjekkare f.eks å besøke bloggen din ;-)
    Flink du er med matplanlegging! Spare heilt sikkert både tid og energi.

    God helg vidare! Klem :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er lett å finne noko anna å gjere ja, når ein skal lese fag :) Men håpar du fekk det til!

      Slett
  2. Så flink du er! Høres ut som du har hatt ei helg som lader batteriene godt. Det kunne for så vidt jeg også trengt for jeg sitter her å har blitt helt tett av forkjølelse. Litt feberfølelse faktisk... isj... Jeg prøver titt og stadig å komme tilbake til listen min, planleggingen. Jeg har som regel èn handledag i uka og da handler jeg inn alt vi trenger for uka. Melk, brød, pålegg og frukt er slik som jeg også må supplere på. Men å slippe middagstenking hver dag er greit. Jeg sklir ut enkelte ganger men starter på null igjen dagen etter som regel.

    SvarSlett
  3. Alt over 30 cm kassalapp gir husmorpoeng. Du fikk triple, for det var innmari nærme 90 cm. ;)) Håper dere er friske igjen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Triple husmorpoeng er supert! De settes rett inn på kontoen, kan vere greit å ha i bakhånd:)

      Slett