mandag 1. september 2014

Eplekake og plommekake, oppskriftene får du her!

"Epler og pærer de henger på trærne,
når de blir modne, faller de ned!"

Eg tenkjer mest på svømmetrening og vasstilvenning etc når eg seier dette verset, men det er i høgste grad aktuelt akkurat no også. Eg har ein hage med lite bær og frukt, og elskar når nokon spør om eg vil ha!! Laurdag var eg på plommeslang, invitert då, hos ein nabo. Fantastisk!



Og sidan eg skulle ha med kake til kykjekaffe på søndag, var valget klart;

Plommekake

Kvar eg fann denne oppskrifta, huskar eg ikkje. Men eg lagar den kvar haust, gjerne nokre ekstra til å putte i frysaren når plommesesonger er på topp, og den fell alltid i smak.

Til ei rund form, ca 24 cm, treng du

3 egg
2,5 dl sukker

100 g smelta smør

1 ts vaniljesukker
2 dl mjøl

Pisk eggedosis og tilsett smør, mjøl og vaniljesukker.
Fyll i smurt form, og fyll på med plommer. I oppskrifta står det 10 plommer(utan stein, delt i to), då meiner dei store plommer, så eg tek fleire om dei er små!

Steik ved 175 gr i 35-40 min. Avkjøl på rist.
Lagar du dobbel porsjon, kan du steike i langpanne, og då blir det meir kake!

Av og til får eg epler også, då kan det bli

Tante Marwilds eplekake

(Tante Marwild var min fadder, ho skjemte meg vekk etter alle kunstens reglar, eg var på sirkus og tivoli, eg fekk spennande gåver, og eg fekk vere med på hyttetur med bærplukking, båttur og baking. Ho laga steikte fisk og bakte, for eksempel denne kaka her. Men også nokre søte, sprø vaflar, tru kvar den oppskrifta er?!)

3 egg
3 dl sukker
100 gr margarin
1,5 dl mjølk
4,5 dl kveitemjøl
2,5 ts bakepulver

7-8 epler, skrella og delt i båtar(er epla små, må du ha flerie)

Pisk egg og sukker.
Kok opp mjølk og margarin
Bland saman med eggedosisen.
Rør inn mjøl og bakepulver.
Ha i ei stor skuffe og legg i epleskivene, strø på sukker og kanel.

Steik ved 180 gr i ca 30 min.

Begge kakene er ganske gode servert lunken med krem eller is til...

No er det epler og plommer og anna snadder rundt om, enter i hagar eller butikken, det er berre å nyte! Enten i kake eller naturell.




1 kommentar: