torsdag 14. august 2014

Å lade batteria

Når vinteren kjem, er det enkelte ting som gjer at det ikkje er fullt så mykje snø, ikkje så ille med vind og kulde, dagane er ikkje så korte og det er ikkje så lenge til sommaren. Det er når eg tenkjer tilbake på dagar på fjellet, på hytta eg har vore på sidan eg var lita. Vi har klart å klemme inn nokre timar der iår også!!!
Finare blir det ikkje

Tenåringane har henta båten, no skal det roast, settast garn go generelt leikast i båt!

Det MÅ vere bål.

EIn slik solnedgang og batteria mine går frå kvart til fulle på ein kveld!

Ein #fjellfie

Solnedgang ein annan stad på "mitt" fjell

Vatn og himmel og fjell og alt er vel!
Turkameratar

Fangsten
Ok, då er eg klar for haust og vinter, sjølv om eg godt kan vente litt!

2 kommentarer:

  1. Jeg tror mennesket har veldig godt av kontakt med naturen og at det er helsefremmende i seg selv med et opphold fra de vanlige omgivelsene. Det er som om kroppen fylles med opplevelsesvitaminer, selv om det nesten ikke skjer noe som helst.

    Ønsker deg en veldig fin høst!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig! Det å vere i naturen, kjenne på været, leve med lyset(som ein må på ei hytte utan straum)puste med magen, ete ute tross litt vind, er noko å ta med seg til hausten og vinteren! Las med interesse siste blogginnlegget ditt, misunnelse er så mykje!

      Slett