søndag 16. februar 2014

Vekestart veke 8

Klar for vekestart og vinterferie?! Eg skal iallfall ha litt fri, og vart ganske skuffa då eg vakna svimmel og med tett nase idag….det var ikkje plana(ikkje fordi eg ikkje får gått på ski, men eg hadde tenkt å gjere noko meir enn å slite sofa på fridagane mine)

Utsikt frå sofaen: Vinter på trøndersk… grågrønt og tørt

Søstra mi delte eit dikt på Facebook her ein dag, og eg tenkte å dele det samme med dykk i dag:
Diktaren Bruheim ville ha fylt 100 år oår, og det blir skrive litt om han rundt om, vel verdt å lese!

Den annsamme

Han har ikkje stund til å stogge

og ikkje tid til å sjå.

Menneske som han møter

dei ansar han aldri på.

Mangt har han å rekkje over.

Det gjeld um å fara fort.

Mykje var det å gjera.

Det auka dess meir han fekk gjort.

Så lid det til endes med dagen.

Han står der, studd over stav
og spør:
Kva har livet gjeve

og kvar har det vorte av?

Slik jaga han gjennom livet

utan å få det fatt.

Ei glede sprang etter på vegen

men nådde han aldri att.


Jan-Magnus Bruheim

Måtte du få ei veke der du går saman med gleda, så den slepp springe etter deg! Ei veke der du kan stoppe opp, med eller utan vinterferie, ei veke der du ser menneska rundt deg -og blir sett sjøl! 

Eg planlegg sakte frukost, litt rydding, lunsj på kafe, bok i sofaen og kanskje eit venninnetreff! Ein tur i skogen, for det er visst fint der, sjølv om det ikkje er snø, og eg har eit lite håp om å få fram symaskina. 
Dagens frukost var ikkje så verst! Eg treng C-vitamin for å jage forkjølelsen vekk!

2 kommentarer:

  1. Målet for uka er å bli frisk! :) Håper du klarer å jage vekk, du også :) God uke til deg!

    SvarSlett
  2. Høres fint ut! Deilig med vinterferie :-) Ønsker deg en god uke!

    SvarSlett